Einingsleiar for Kart og oppmåling
Alver kommune
Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar for Kart og oppmåling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Alver kommune har ledig stilling som einingsleiar for Kart og oppmåling. Eininga består av 6 tilsette.
Som einingsleiar vil du ha mogelegheit til å vidareutvikle eit godt fagmiljø. Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder, digital utvikling og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Eining for Kart og oppmåling er ei av tre einingar under tenesteområdet Arealforvaltning i Alver kommune. Stillinga inngår i leiargruppa til Arealforvaltning. Vi har tett samarbeid med dei andre to einigane Miljø og byggesak og Landbruk, og mot andre fagområde i kommunen.
Kontorstad er i kommunehuset på Frekhaug.
Arbeidsoppgåver
Er du ein person som har fagleg interesse innanfor oppmåling og matrikkel?
Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift av eininga, under dette ansvar for fag, økonomi, HMS og personal.
Dine hovudoppgåver vil vera:
- Sikre at arbeid vert utført i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og standarder
- Ivareta kommunen sitt ansvar som matrikkelmynde
- Forvaltning av FKB data
- Bidra til utvikling og bruk av digitale verktøy og løysingar
- Sakshandsaming og rådgjeving innanfor kart- og oppmålingsspørsmål
- Sikre god samhandling med andre fagområde, både interne og regionale
- Vidareføre samarbeidet innanfor oppmåling i regionen
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
- Høgare utdanning innan landmåling
- Autorisasjon som eigedomslandmålar kan vere ein fordel
- Erfaring frå oppmåling, kartforvaltning eller matrikkelføring
- Erfaring som leiar frå liknande stilling
- God kunnskap om matrikkellova
- Erfaring med bruk av moderne oppmålingsutstyr og GIS verktøy
- Har interesse og engasjement innanfor fagområdet
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som:
- Ønskjer å jobbe i eit godt fagmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og fleksibel
- Tar ansvar og har evna til å jobbe sjølvstendig og i team
- Har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Har eit fagleg engasjement som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variasjon i arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
264dc636-2e1f-4d23-8ccb-157c9b729eeb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265698