Lærar i engelsk og psykologi
OPK-AO - Avd. Engelsk og samfunnsfag, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i engelsk og psykologi
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. november
Askøy vidaregående skole har om lag 710 elevar, med om lag 110 tilsette. Skulen ligg i Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen.
Askøy vidaregående skole har desse utdanningsprogramma:
Bygg- og anleggsteknikk
Elektrofag
Helse- og oppvekstfag
Studiespesialisering
Teknikk og industriell produksjon
I tillegg har skulen ei avdeling for tilrettelagd opplæring og ein klasse påbygg til generell studiekompetanse.
I samband m.a., med at ein av lærarane våre skal ut i fødselspermisjon over jul, vil me i næraste framtid få ei ledig vikarstilling i undervisningsfaga Engelsk og Psykologi, ut skuleåret 2025/2026. Til saman utgjer stillinga omtrent 50%. Ved fleire behov vil det og vere aktuelt å fylle stillinga ytterlegare opp.
Arbeidsoppgåver
Undervisning og anna elevretta arbeid.Kvalifikasjonar
Relevant utdanning frå universitet/høgskule. Pedagogisk utdanning.Personlege eigenskapar
Søkjar må ha gode samarbeidsevner, og vere opptatt av si eiga profesjonsutvikling, i tillegg til å bidra i utviklinga av eit godt fagmiljø ved skulen.
Den vi tilset må ha eit positivt elevsyn, med tru på den enkelte ungdom. Du må vera vennleg, tydeleg og strukturert, og engasjere deg i arbeidet for eit godt skulemiljø saman med dei andre på skulen
Personlege eigenskaper og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på ved tilsetjing.
Vi tilbyr
* Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
* Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
Kontaktinformasjon
Axel Ivar Hansen, Avdelingsleiar, +47 95821168Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5037604668
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Axel Ivar Hansen
Avdelingsleiar
+47 95821168
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25e084dc-cf00-4b86-9621-4e7bc5f4b53d
- Sist endret
16. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10905b6726e44f83bf05231c76b8a535
Lignende annonser
Psykologspesialist
Arbeidsgiver
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Sted
Tertnes
Arbeidsgiver
Kronstad DPS/ Kronstad Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS)/ Tertnes Allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HF
Sted
Tertnes