Forretningsutviklar for etter- og vidareutdanning
NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Larsgårdvegen 2, 6009 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Forretningsutviklar for etter- og vidareutdanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. september
Dette er NTNU
NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verda.
NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business.
Som forretningsutviklar ved campus Ålesund, vil du få
- fast tilsetting i 100% stilling ved seksjon for utdanning i Ålesund
- bidra til å utvikle og styrke tilbod innan etter- og vidareutdanning ved NTNU
- samarbeide tett med NTNU Ocean Training AS, NTNU Gjøvik og enhet for EVU (etter- og vidareutdanning) i Trondheim
- skaffe deg god innsikt i kompetansebehov i arbeids- og næringsliv i regionen
- drive med salgs- og marknadsarbeid
- vere ein nøkkelperson for kompetanseplanlegging og utvikling av EVU-tilbod ved NTNU i Ålesund
Stillinga rapporterar til seksjonssjef for seksjon for utdanning ved NTNU i Ålesund. Seksjon er ein del av Avdeling for utdanning ved NTNU.
Kva gjer ein forretningsutviklar ved NTNU i Ålesund?
Arbeidskvardagen din vil stort sett bestå av:
Oppsøke og etablere strategiske nettverk og etablere relevante samarbeid med verksemder, bransjeaktørar og andre samarbeidspartnarar.
Drive aktivt salgs- og marknadsarbeid for å identifisere kundebehov og utvikle nye oppdrag innan etter- og vidareutdanning.
Utvikle og vidareutvikle kurskonsept i tett samarbeid med fagmiljø ved NTNU, med utgangspunkt i behova i arbeidslivet og kontinuerleg forbetring av etter- og vidareutdanningstilboda.
Samarbeide tverrfagleg med institutt, fagmiljø ved NTNU og NTNU Ocean Training AS for å utvikle nye kurs, kompetansetilbod og samarbeidsmoglegheiter.
Sikre effektiv drift og administrasjon av kursverksemda, samt følge opp og vidareutvikle kursportefølja i tråd med behov og prioriteringar.
Kva trengs for å vere kvalifisert for stillinga?
- du må ha høgare utdanning tilsvarande mastergrad, relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- minimum 3-5 års arbeidserfaring etter endt utdanning
- erfaring med forretningsutvikling eller anna utviklingsarbeid
- god forståing for salg, marknad, kundebehov og forretningsutvikling
- kjennskap til lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv
- meget god munnleg og skriftleg famstillingsevne i norsk og engelsk
Det er ein fordel om du også har
- erfaring frå nettverksbygging
- erfaring frå etter- og vidareutdanning
- leiarerfaring
- kjennskap til UH-sektor
Kva personlege eigenskapar må du ha?
- du er proaktiv, sjølvstendig og tek initiativ
- du har god forretningsforståing
- du er trygg og tydeleg i kommunikasjonen
- du er relasjonsorientert og god på nettverksbygging
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Kvifor skal du velje oss?
- Tilsette ved NTNU har ei rekke goder og fordelar for tilsette du vil nyte godt av, i tillegg til at du som statsansatt får gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
- spennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt arbeidsmiljø
- opent og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- vere ein del av eit leiande internasjonalt universitet
Løn og vilkår
I stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) vil du normalt lønast frå brutto kr 750 000 til kr 850 000 pr. år avhengig av
kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter
tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Viktig å vete om søknaden din
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyll kriteria som er beskrive over.
Søknaden må innehalde:
Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile
utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Simahaug Halvorsen
Seksjonssjef
+4797682609
Om bedriften
NTNU - kunnskap for ei betre verd
Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, skapast kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25d6444a-ac04-4da9-9c64-5398710b0598
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10307461