72% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved Odda ungdomsskole
Ullensvang kommune Odda ungdomsskule
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 72%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Ledig 1 vikariat som barne/ungdomsarbeidar i 72% stilling på Odda ungdomsskole. Stillingen følger skoleruta.
Om skulen
Odda ungdomsskole vil hausten 2026 ha om lag 203 elevar.
Odda ungdomsskole ynskjer å vere ein kollektiv skule, der profesjonsfelleskapet arbeider saman for at alle elevane får ei best mogeleg sosial og fagleg utvikling.
På Odda ungdomsskole meiner vi at trivsel, deling og samarbeid er viktig for å skape den gode skulen.
Vi har tre parallellar og er organiserte i team med teamleiar for kvart trinn. Skulen har sosiallærar/rådgjevar, spesialpedagogisk koordinator og seksjonsleiarar i norsk,matematikk og engelsk.
Skulen har 100% merkantil ressurs.
- vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
- skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel
- vere aktiv med ungdomane og bidra til aktivitetar
- ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar:
- barne og ungdomsarbeidar
- erfaring frå arbeid med unge i aldersgruppa 12-16 år.
Personlege eigenskapar:
- positivt elevsyn og gode evner til å byggje relasjonar
- sjølvstendig og fleksibel
- robust, omsorgsfull og tolmodig
- løysingsorientert og initiativrik
- strukturert og systematisk
- gode samarbeidsevner
Vi oppfordrar menn til å søka
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25521777-98a0-4d63-8df6-2142fd324295
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3627147_193925_nn