Miljøarbeidar
Stend Vgs
Fanavegen 249, 5244 Fana
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. september
Arbeidsoppgåver
Støtte den einskilde eleven sitt læringsarbeid og fremje trivsel gjennom målretta rettleiing og aktiv medverknad til eleven si faglege og sosiale utvikling
Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne.
Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar.
Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.
Stillingane innbefattar og arbeid på TIV (Tilsysnordninga i den vidaregåande skulen)
Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot barn og ungdom med samansette utfordringar.Det er ønskjeleg med minimum fagbrev.
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.
Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.
Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.
Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.
Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd.
Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt i denne stillinga.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anne-Kjersti Lien, avdelingsleiar, 41673710Arbeidsstad
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5179051282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Anne-Kjersti Lien
avdelingsleiar
41673710
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
252044ff-b7ba-4d1a-9cdc-2aeb1e2e53ea
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63f7970d4c214a348efbe2bfae12a349