Hopp til innhold

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Trollskogen barnehage

Sted

5641 Fusa

Om jobben

Stillingstittel
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Vi har ledig 100% vikariat som fagarbeidar/assistent ved Trollskogen barnehage frå snarast til 31.07.2027. 

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Trollskogen barnehage og som vil halde fram med  å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar/assistent som vil vere med  å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å SPRE GLEDE. 

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på voksen rolla i uteleiken. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet 

Arbeidsstad 
Trollskogen barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Fusa som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Trollskogen barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen ha 9 tilsette og 34 barn fordelt på tre avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling. 

Arbeidsoppgåver: 
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.  
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell. 
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.  
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar. 
- Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats. 
- Vera brukar – og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform. 

Kvalifikasjonar:  
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.  
- Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent frå HK-dir.  
- Erfaring frå arbeid med barn i alderen 0-6 år er ønskeleg. 
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.  
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest. 

Eigenskapar: 
Vi ser etter deg som: 
- Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid. 
- Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel. 
- Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon. 
- Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt. 
Vi legg vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr: 
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
- Løn etter gjeldande avtalar. 
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Mariann Gjerdevik

Styrar

+47 975 88 713

magjer@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24bf0153-b3cd-4fd4-8878-463381a0d4dc

Sist endret

14. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3670475_207811_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser