Hopp til innhold

Vi treng fleire badevakter med reinhaldsansvar ved Vindafjordhallen symjehall!

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester

Sted

Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Om jobben

Stillingstittel
Badevakter til Vindafjordhallen
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. november

Vindafjord kommune driftar ein ny og flott symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie, badstue og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi treng no fleire  badevaktar som skal bidra til tryggleik og gode opplevelsar for besøkjande, og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen. 

Vi har behov for ein fast stilling på ca 20% med arbeidstid ettermiddag/kveld og helger.  Me har og behov for deg som kan vera vikar til dag, kveld og helgevakter. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Badevakt for publikumsbading
  • Reinhald og klargjering av symjehall, garderobar og fellesområde
  • Kundeservice og sal av billettar
  • Førefallande arbeid.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode symjeferdigheiter - må bestå livredningstest
  • Teknisk forståing
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Informasjon: 

Du må vere over 18 år og framvise gyldig politiattest. Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltreding.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du må lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Bilde: Kristine Thorsen Eikeland, Vindafjordhallen symjehall 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ann Rita Eike

avdelingsleiar

+47 95152541

ann.rita.eike@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24bcf24b-0423-4a80-a139-6747520144db

Sist endret

6. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3673681_229877_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser