Servicemedarbeidar til Laksen Bakeri og Kafé
Norway`s best
Øyraplassen 14, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Servicemedarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vil du vere med og skape gode gjesteopplevingar i hjartet av Lærdal? Laksen Bakeri & Kafé opna i 2021 og har på kort tid blitt eit populært møtestad for både lokalbefolkninga og turistar. Frå å vere ein sesongkafé har vi utvikla oss til heilårsdrift – og no treng vi to nye kollegaer til vårt service-team.
Hos oss får du arbeide i eit levande og inkluderande miljø der fersk bakst, heimelaga pizza og ekte gjestfridom står i sentrum. Vi kombinerer lokale råvarer med internasjonale smakar, og gjestane kjem for å nyte alt frå ein kald drikke på terrassen til ein nypakka matbit på veg til fjellet.
Dine arbeidsoppgåver
- Gje personleg og vennleg kundeservice
- Lage baristakaffi
- Handtere kasse
- Førebu sandwichar og salatar
- Ha god kunnskap om produkta på menyen
- Servering, dekking og rydding av bord
Kven er du?
- Du kommuniserer godt på engelsk (skandinavisk språk er ein fordel)
- Du har gjerne erfaring frå kafé, restaurant eller butikk, men det viktigaste er engasjement for service og gode gjesteopplevingar
- Du er minst 18 år (helst fylt 20, sidan vi har alle rettar til alkoholservering)
Hva vi kan tilby
Ei spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerar seg for mennesker og samfunn. Hos oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs leiande reiselivsbedrifter med gode muligheiter for både fagleg og personleg vekst.
I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hos oss kan du være deg sjøl, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.
Nokre av våre goder:- Konkurransedyktige vilkår
- Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
- Gode rabattar og tilbud på Norway’s Best sine produkt og aktivitetar
Oppstart: Etter avtale
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2494d1d0-9a4f-4708-afb3-b8707c855aeb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2af1d64f75f4d6094d5f3762ba01961