Hopp til innhold

2 x 25% engasjement ved Livskvalitet

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Engasjement, deltid 25%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 7. oktober

Om Bjørnafjorden kommune 

Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 engasjerte kommunalt tilsette. Vi har ein nær og inkluderande kommune, noko som kjem til uttrykk visjonen vår: «Det gode livet for alle». Som tilsett hos oss er du med på å løyse viktige samfunnsoppgåver og bidrar til auka livskvalitet for innbyggjarane våre. Hos oss har arbeidet ditt har verdi – og du betyr noko. 

Avdeling Miljø og aktivitet, Psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden har ledig engasjement for sykkelreparatør/medarbeidar med brukarerfaring i Livskvalitet. Det er 2x25 % engasjement, og det er ledig frå snarast og til og med 31.08.2027. 

Arbeidsstad og avdeling 

Avdeling Miljø og aktivitet tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Vi har særleg fokus på å fremje livskvalitet, meistring og aktivitet i kvardagen.  

Livskvalitet 
Eit lågterskeltilbod dagtilbod med arbeidstrening, aktivitet og gruppetilbod. Vi har mellom anna eigen sykkelverkstad og kaffibrenneri, samt tilbod innan utendørsterapi, gatelag fotball, klatring og terapiriding.  
  

Arbeidsoppgåver 

  • Reperasjon av syklar, ski og anna utstyr 

  • Deltaking på Kontakto (lågterskel dagsenter) 

  • Arbeid i kaffibrenneri 

  • Butikkoppgåver 

  • Matlaging 

  • Bruke sin erfaring gjennom samtaler og deltaking i Livskvalitet sine aktivitetar 

 

Kvalifikasjonar 

  • Medarbeidar med brukarerfaring (MB) 

 

Vi ser etter deg som 

  • har brukarerfaring og som kan bruke denne på ein trygg og reflektert måte i møte med andre.  

  • er god til å skape tillit, lytte og bidra til meistring, håp og brukarmedverknad. 

  • samarbeider godt med både brukarar og fagpersonar, og har forståing for rolla som tilsett i kommunen. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt 

 Vi tilbyr 
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø der brukarerfaring blir verdsett som viktig kompetanse  

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit lågterskeltilbod med fokus på meistring, aktivitet og fellesskap  

  • Opplæring, rettleiing og støtte i rolla som medarbeidar med brukarerfaring  

  • Moglegheit til å bidra til utvikling av tenesta og styrkje brukarmedverknad i praksis  

  • Samarbeid med engasjerte fagpersonar og kollegaer  

  • Løn etter gjeldande avtaleverk  

  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 

Mangfald og offentleg søkjarliste  

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Tor Arne Hitland

fagleiar

+47 93242518

tohi@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24084537-5b6b-45f9-a778-2f387ff27596

Sist endret

16. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3662195_195947_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser