Heimehjelp 100 % fast stilling
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Auregata 19, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Heimehjelp 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. oktober
Er du omsorgsfull, pålitelig og trivst med å hjelpe andre i kvardagen?
I Heimetenestene har vi no ledig 100 % fast stilling som heimehjelp, med arbeid 3. kvar helg.
Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre, og som møter brukarane med respekt og engasjement. Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg team som arbeider for at innbyggarar skal kunne bu heime lengst mogleg.
Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med lege- og psykiatritenester, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling.
Bli ein del av vårt team!
Arbeidsoppgåver
- Bistand til personlig hjelp, reinhald, klesvask ,handling og tilrettelegge for struktur i heim
- Andre relevante oppgaver knytta til lettere pleie og omsorg
Kvalifikasjonar
- Du må ha gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg, minimum nivå B1
- Du må ha førerkort kl B. Ved behov, må du kunne nytte eigen bil i tenesta
- Du må ha gode digitale ferdigheter
Personlege eigenskapar
- Pålitelig og ansvarsbevisst
- Engasjert og positiv person med særleg interesse for eldreomsorg
- Viser engasjement og tek initiativ
- Evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsferdigheitar
- Omstillingsdyktig
Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- God tilpassa opplæring
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låne- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd
Kontaktinformasjon
Anne Britt Kurseth, Avdelingsleiar HBO, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Auregata 196230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5184048834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
236dce52-ec62-43fe-a189-82144736efe8
- Sist endret
22. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
107b5046553b4eda9e61a579ec0ed5e6