Vil du vere med å utvikle Jettegryto barnehage i Bjørnafjorden kommune?
Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage
Brakabygda 49, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Jettegryto barnehage, og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon.
Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på ASK i kvardagen. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet
Arbeidsstad:Jettegryto er ein 4-avdelings barnehage som ligg sentralt til i Eikelandsosen med mange ulike fasilitetar i nærleiken, som Fjorden Arena, kunstgrasbane, bondegard, fleire leikeplassar, symjehall, butikkar, bibliotek og flotte turar til både skog, vatn og sjø. Avdelingane har namn etter naturelement som er forbunde med jettegryter. I år har vi to småbarnasavdelingar; Skarvet og Juvet i aldersgruppa 1-2 år. Så har me to storbarnsavdeling; Fossen og Hålo med barn i alderen 3-5 år.
Det er 16 tilsette og 70 barn.
Jettegryto barnehage er ein barnehage med eit rikt mangfald frå ulike nasjonar og vi er ein livleg gjeng som finn på mykje kjekt saman.
Arbeidsoppgåver:• Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
• Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein godrollemodell.
• Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
• Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
• Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.
• Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
• Vera brukar – og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform.
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:Vi ser etter deg som:
• Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn
• Er leiken, tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
• Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
• Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
• Er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle deg vidare
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Kontaktperson
Line Ragnhildstveit, styrar, mobil: 48 26 51 55, lira@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
231b6ce0-b0a4-4095-bd9a-0108cbeeeda2
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3559949_207813_nn
Lignende annonser
Fagarbeidar ved Nore Neset barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Sted
Hagavik
Barnehagelærar 50-80% vikariat
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Klokkarvik barnehage
Sted
Klokkarvik
Spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fagsenteret
Sted
Os