Fagarbeidar / Assistent
Ål kommune Skattebøl barnehage
Branesvegen 2,, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Ål komune ser no etter 2 fagarbeidarar/assistentar til Skattebøl barnehage.
Barnehagen er ein tre-avdelings barnehage som ligg i Granhagen/Nossgrenda, ca 3 km frå Ål sentrum. Skattebøl barnehage tilbyr 60 plassar. Barnehagen tok i bruk rom på tidlegare Skattebøl skule i 2024 og har no til saman moglegheit til å drifte fire avdelingar. Det er to avdelingar på austre bygget som er Skattebøl barnehage, og to avdelingar på Skattebøl skule, som me kallar vestre bygget. Barnehagen har eit flott og variert uteområde.
Vi likar å kalle oss ein «kultur-barnehage». Vi set også stor pris på å vere ute i all slags ver, og la barna finne glede i å vere i naturen. I Skattebøl barnehage set vi «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barna sin leik er høgt verdsett. Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og fagarbeidarar/assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
KvalifikasjonarPersonlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
- Trivast i lag med små barn.
- Er utadvent og trygg på deg sjølv.
- Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
- Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr- Ein barnehage med eit god fagleg miljø.
- Ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen.
- Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Pensjonsordning i KLP.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
22e97151-70d5-4157-96fc-d2de8e766951
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542093_227559_nn