Forskar/utviklar
Meteorologisk institutt
Allégaten 70, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forskar/utviklar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Om stillinga
Ved Avdeling for oseanografi og maritim meteorologi (OM) under Havdivisjonen til Meteorologisk institutt i Bergen er det ledig ei midlertidig toårig stilling som utviklar og forskar (stillingskode 1108) innan utvikling og tilrettelegging av maskinlæringsmetodar til bruk på våre oseanografiske og meteorologiske datasett.
Meteorologisk institutt varslar vêret, overvakar klimaet og driv forsking. Sidan instituttet vart etablert i 1866 har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget. Meteorologisk institutt er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø. Når vi kan formidle informasjon om vêr og klima til ulike brukargrupper er det eit resultat av arbeidet til ulike faggrupper på instituttet. Innsamling av vêrdata og handtering og effektiv analyse av store datamengder er avgjerande for å utføre desse oppgåvene. Det gjer også forståinga av korleis vi kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen.
Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekke nyttige tenester. Vi driv eit omfattande forskingsarbeid, og leverer klimadata som mellom anna kan nyttast til å dimensjonere landet for framtidig klima. Vi har ein fri og open datapolitikk, som inneber at kven som helst kan bruke materialet vårt fritt og til nytte for samfunnet. Sams for alt arbeidet vårt er instituttet sitt mål om å bidra til å sikre liv og verdiar. Ved OM-avdelinga i Bergen er tryggleiken til sjøs eit overordna tema og styrande for aktivitetane våre. Vi har ansvaret for utviklinga av bølgevarslingstenestene og dei operasjonelle beredskapsmodellane for alt som driv i sjøen, slik som olje, skip og søk- og redningsobjekt.
Vi har dei siste åra brukt mykje ressursar på å utvikle det nye klima-arkivet NORA3. Vi har eit ansvar for å gjere metocean-data tilgjengeleg for offentlege etatar samt offshoreindustrien og havvindnæringa. Desse analysene består av uttrekk av historiske klimadata av vind, bølger og stundom straum og har som mål å gi eit bilete av gjennomsnittlege tilhøve og ekstremverdiar for ein gitt posisjon eller for eit større geografisk område. Instituttet er også involvert i fleire prosjekt der NORA3 og andre klimadata blir brukt. Det er difor stort behov for arbeid knytt til tilrettelegging av klimadata. Ein viktig del av denne stillinga vil difor vere knytt til effektivisering og til dels automatisering av uttrekk av data frå våre klima-arkiv.
Arbeidsområde
Stillinga vil delvis inngå i EU-prosjektet EU-INTERCHANGE og skal legge til rette for bruk av maskinlæringsmetodar for nedskalering av bølge- og havmodellar. Her vil kodebiblioteka DNORA og metocean-ml vere sentrale. Desse er utvikla ved avdelinga og kandidaten vil få i oppdrag å vidareutvikle desse. I tillegg vil stillinga ha ansvaret for utvikling av kode for automatisert uttrekk av data til ulike typar rapportar, inkludert metocean-rapportar for bølge-, straum- og vindklima både på norsk sokkel og globalt. Kandidaten vil få i oppdrag å automatisere prosedyrene som er nødvendige for uttrekk av våre hindcast-data (NORA3) samt for den globale reanalysen ERA5 slik at vi kan gjere våre klimadata endå meir tilgjengelege, i tråd med vår opne datapolitikk. Dette arbeidet vil også komme til nytte i andre prosjekt der avdelinga er involvert.
Stillinga byr på spennande utfordringar i eit godt operasjonelt miljø med høgt tempo og samarbeid med fagmiljø internt, nasjonalt og internasjonalt. I denne stillinga er det særskilde krav til norskkunnskapar då det vil vere mykje kontakt med statlege institusjonar og norsk industri.
Kvalifikasjonar
- MSc eller tilsvarande innan geofysikk, fysikk, informatikk, anvend matematikk eller nærliggjande fagområde er ei føresetnad
- Kjennskap til maskinlæringsmetodar er ei føresetnad
- Erfaring med matematisk-statistiske metodar er ei føresetnad
- Erfaring frå programvareutvikling i eit Linux-miljø er føresetnad
- Erfaring innanfor skript-programmering (Python eller tilsvarande) er ei føresetnad
- Kjennskap til hav- og bølgemodellering er ein fordel
- Kjennskap til distribusjon av modelldata gjennom THREDDS og OPeNDAP vil vere ein fordel
- Meteorologisk institutt har norsk som arbeidsspråk. Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk er også eit krav, og utanlandske søkjarar må vere villige til å lære seg norsk
- Evne til å arbeide sjølvstendig, og gode samarbeidsevner er viktig og vil bli tillagt vekt
- Personlig egnethet blir tillagt vekt
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit moderne, teknologisk miljø
- Triveleg arbeidsmiljø
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode ordningar for pensjon, forsikringar og bustadlån (les meir her: https://www.spk.no/medlemskap-i-spk/)
- Fleksibel arbeidstid med sommartid
- Mulighet for ein time trening i arbeidstiden i veka
- Lønn som forskar 1108 etter kvalifikasjonar og erfaring mellom kr 536.200 og kr 579.700. Høgre lønn vil bli vurdert for spesielt godt kvalifiserte kandidatar.
Mangfold og positiv særbehandling
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, arbeidserfaring, kjønn, livserfaring og perspektiv. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av etnisk bakgrunn, alder eller funksjonsevne.
Vi praktiserer positiv særbehandling, og vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju: søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. For å bli vurdert i éi eller fleire av desse kategoriane må du markere rett kategori i søknaden.
Funksjonsnedsetjing: søkjarar som har behov for tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet.
Innvandrarbakgrunn: søkjarar som sjølv har innvandra til Noreg, eller som er fødde i Noreg med to foreldre som begge har innvandra til Noreg.
Hol i CV: søkjarar som har hatt opphald frå arbeid, utdanning eller opplæring i til saman minst to år dei siste fem åra, til dømes på grunn av fysisk eller psykisk sjukdom eller skade, rus eller soning.
Avkryssingane kan nyttast til anonymisert statistikk eller rapporteringsføremål.
Offentleggjering av søkjarlista til stillingar i offentleg sektor er eit viktig prinsipp for å sikre openheit. Dersom du ønskjer at namnet ditt skal unntakast frå søkjarlista, må du sjølv be om det og gi oss ei grunngiving. For å kunne unntakast frå offentleg søkjarliste må grunngivinga di vege tyngre enn omsynet til innsyn i lista. Dersom vi ikkje tek anmodinga di til følgje, vil du ha høve til å trekkje søknaden.
Søknaden
Søknaden med CV og andre vedlegg skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Legg ved attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte. Før ei eventuell tilsetjing vil vi kontrollere dokumenta. Ved utanlandsk utdanning ber vi om at du legg ved ei forklaring av karaktersystemet.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Meteorologisk Institutt varsler været, overvåker klima og driver samfunnskritisk forskning. Vi har levert kritiske, meteorologiske tjenester til det norske samfunnet i over 150 år. Vi sørger for at redningshelikoptre kommer trygt frem, og at beredskapsetatene er forberedt på ekstremvær og annet farlig vær. Våre spesialtjenester brukes ved luftforurensing, oljeutslipp, vulkanutbrudd og atomulykker. Felles for alt arbeidet vårt er hovedmålet om å sikre liv og verdier. Hver dag er også Yr en del av planleggingen til folk innenlands og utenlands.
Moderne meteorologi krever håndtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spennende faglige utfordringer.
Vi har også et forskermiljø med rundt 180 forskere innenfor vær, hav, luftkvalitet og sumfunnssikkerhet. Vi er i dag et ledende internasjonalt kompetansemiljø innen varsling og klimaforskning med hovedkontor lokalisert i Oslo, og kontorer i Tromsø og Bergen. Blant våre samarbeidspartnere finner du blant annet Statens vegvesen, NTB, Avinor, BaneNor, Miljødirektoratet, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Forsvaret, Luftfartstilsynet og mange flere. Du kan lese mer om hva vi gjør på strategi.met.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2202609d-961c-4855-b899-8f903d90b262
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261747