Barnehagelærar - vikariat
Liene barnehage
Baksidevegen 382, 2647 Sør-Fron
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar - vikariat
- Oppstart
- 3. november 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. oktober
Det vil frå 03.november 2025 bli ledig eit vikariat som barnehagelærar i Liene barnehage i Sør-Fron. Vikariatet er ledig fram til 11.08.2026, med moglegheit for forlenging.
Vi vil ta kontakt med søkjarar fortløpande og oppmodar interesserte i å søkje snarast.
Arbeidsoppgåver
- leie og utøve pedagogisk arbeid i tråd med godt fagleg skjønn
- ansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet, og involvere øvrige tilsette i prosessen
- medansvar for å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon, og leie endringsarbeid på eigen avdeling, samt bidra til å leie heile barnehagens endringsarbeid
- sikre gode rutiner for kvart einskild barn sin trivsel, utvikling og behov
- samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar.
- ansvar for foreldresamtaler, foreldremøte, personalmøte og planleggingsdagar i samarbeid med styrar
- halde seg fagleg oppdatert på ny kunnskap på barnehagefeltet
- vere bevisst på, og bidra til, eit godt språkmiljø i barnehagen
- bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- godkjend barnehagelærarutdanning, men andre med relevant utdanning og erfaring kan og bli vurderte.
- gode IKT-kunnskapar
Politiattest, jf. barnehagelova § 30, må leggast fram ved tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden.
Personlege eigenskapar
- er engasjert, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, ute og inne
- er den trygge vaksne som gir barn forutsigbarheit, varme og omsorg
- har evne til å utforske og undre seg saman med barna
- er sjølvstendig og trygg på seg sjølv
- har god relasjonskompetanse
- er løysingsorientert, fleksibel, har gode samarbeidsevner og god til å leie eit team
- har godt humør og eit positivt menneskesyn
- ferdigheiter i å uttrykke seg fagleg, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- eit profesjonelt fellesskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i barnehagemiljøet
- eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette samarbeider
- lønnstillegg for barnehagelærarar som arbeider i minst 75 % stilling, elles tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Alle søknadar skal sendast via rekrutteringssystemet på Sør-Fron kommune sine heimesider. Søknadar skal ikkje sendast som e-post.
Sør-Fron kommune søker også etter vikarar på tilkalling til barnehage og skule. Sjå eigen annonse på kommunen sine heimesider.
Kontaktinformasjon
Mette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, 97 71 94 41, mette.gjefsen@sor-fron.kommune.noArbeidsstad
Baksidevegen 3822647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 5030463412
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 11.08.2026
Søknadsfrist: 29.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Velkome åt Sør-Fron!
Vår visjon er «den grøne kulturbygda».
Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.
Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.
Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.
Offentleg søkarliste:
Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
21fa77db-5ca7-459b-9d62-4e7cc4d18a94
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
680915c6ce204d1aad7ffa43bebe222e
Lignende annonser
Tilkallingsvikar - skoler og barnehager
Arbeidsgiver
Sør-Fron kommune
Sted
Sør-Fron
Arbeidsgiver
Aurvoll skole, Øyer kommune
Sted
Tretten
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Innlandet, Skjåk