Jobbspesialist
Nav Alver - Arbeid med støtte
Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Har du tru på at alle kan jobbe gitt rett støtte og tilrettelegging? Har du pågangsmot til å ta kontakt med bedrifter og skape relasjon? Har du evne og kompetanse til å motivere jobbsøkarane slik at dei lykkast med å stå i ordinær jobb eller fullføre løp mot fagbrev i fag- og yrkesopplæring? Vil du vere ein del av eit team som er dedikert til dette arbeidet? Då håper vi at du søker denne stillinga.
I Nav region Nordhordland, Arbeid med støtte, har vi eit ledig vikariat som jobbspesialist. Vi søker ein jobbspesialist som kan bistå og støtte arbeidssøkarar til enten ordinært lønna arbeid eller mot fagbrev. Målgruppa for tiltaket er brukarar med store og samansatte utfordringar, som treng tett oppfølging og tilrettelegging for å komme i jobb. Jobbspesialisten er ein del av eit team med metoderettleiar som har ansvar for fagleg oppfølging i teamet, og to andre jobbspesialistar. Tiltaket Arbeid med støtte jobber etter 5-trinnsprosessen, og verdigrunnlaget i metoden Supported Employment (SE). Vikariatet har ei varigheit på 6 månader frå så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
I 40% av arbeidstida skal du vere ute i arbeidsmarknaden for å skape moglegheiter for våre brukarar. Brukarane kan vere både vaksne og ungdommar. Tenesta blir gitt til brukarar i heile region Nordhordland. Oppfølginga skal skje etter metoden Supported Employment (SE). Du skal administrere og følgje opp portefølje på inntil 20 deltakarar.Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning tilsvarande bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- erfaring med oppfølging av menneske i sårbare situasjonar
- erfaring frå arbeid som jobbspesialist
- kompetanse innan og/eller erfaring frå arbeid etter Supported Employment (SE-metodikk)
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode relasjonelle ferdigheiter
- kan kommunisere og samarbeide godt internt og eksternt
- har evne til å planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere resultat
- kan jobbe strukturert og forholde deg til målkrava i tiltaket
- er modig og tør å utfordre deg sjølv og stå i utfordrande situasjonar
- er sjølvstendig og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte oppgåver
- Fagleg sterke og engasjerte kollegaer i eit aktivt og nyskapande miljø
- Eit nytt og moderne lokale
- Avlønning som rådgivar i lønnsspenn kr 530 000 - kr 570 000 pr år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (fra lønnen trekkes 2 %)
- Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Inger Lise Brekke, Avdelingsleiar , 917 24 947Arbeidsstad
Kvernhushaugane 25914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4963520820
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Inger Lise Brekke
Avdelingsleiar
917 24 947
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938585
- Hentet fra
talentech
- Referanse
984e2b91784048a8bd650c6b93f8f9ad