Lærarar - inntil 200 % vikariat
Åmot skule, Vinje kommune
3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - inntil 200%
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Åmot skule treng fleire dyktige lærarar! Er du ein engasjert og autoritativ lærar håpar me at du søkjer deg til oss!
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule, med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me treng fleire lærarar, også kontaktlærarar, som er tydelege, inkluderande og har ein autoritativ lærarstil, med hjarte for faget. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg som lærar, både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar. Vinje vaksenopplæring er ein del av skulen vår og har omlag 50 elevar.
Med rom for alle - og blikk for den eine!Arbeidsoppgåver
- Sikre at elevane våre får høg kvalitet på opplæringa, i eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Sørge for læring og progresjon for den einskilde elev, gjennom tilpassa opplæring
- Aktiv deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
- Bidra i eit kollektivt læringsfellesskap med god delingskultur
- Forpliktande team- og avdelingssamarbeid
- Samarbeid med leiinga, føresette og andre aktuelle instansar
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning innanfor norsk, engelsk, matematikk og naturfag, andre fag vil òg bli vurdert
- Erfaring frå grunnskule og vidaregåande
- Utdannings- og yrkesrettleiing
- Spesialpedagogisk erfaring er eit ynskje, men ikkje eit krav
- Gode digitale ferdigheiter. Me nyttar Visma Flyt timeplan og Visma Flyt skole
- Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med barn og unge
- Du har gode mellommenneskelege ferdigheiter
- Du er ein tydeleg klasseleiar
- Du handterer ulike læringsstrategiar og tilpassa opplæring
- Du er profesjonell i møte med elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du er lære- og samarbeidsvillig
- Du likar å halde deg fagleg oppdatert
- Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Du har evne til å ta og gje ansvar
- Du er eit godt førebilete, og du møter elevar tydeleg og vennleg
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
- Løn etter lokal lønnstabell
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Kontaktlærartillegg 1.-4.trinn 42.000,-, 5.-10.trinn 30.000,-
- Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
- Flotte og engasjerte elevar og føresette
- Ein kommune som er oppteken av ditt bidrag og engasjement til å vidareutvikle Vinje-skulen
- Flott natur - sumar som vinter
- Aktivt kulturmiljø
- Lunsjordning
- Kort veg til dei store byane på aust- og vestlandet
- Vinje er ein kommune med stort handlingsrom, dette syner seg i skulekvardagen
- God dekning i barnehage
- Gratis SFO 1.-3.trinn
- Elevane får gratis skulemat og frukt kvar dag
- Skulane er på mange ekskursjonar i løpet av skuleåret, til dømes reiser 10.trinn til Berlin
- Me kan bistå i å finne bustad
Kontaktinformasjon
Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5005569173
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Renate Øien
Verksemdsleiar
+47 40452948
Om bedriften
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
21131017-befa-4d82-ac60-6ce6295c73d0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e16de74a4a37475ba8f1d2579480c2d5