Hopp til innhold

Har du og din familie tid og hjarterom til å ta mot eit barn på besøk?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Avlastar til ein gut på 11 år
Type ansettelse
Fast, deltid 9%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Me søker avlastningsheim til gut på 11 år. Stillinga er 9,23% fast med ei helg per månad.Han er ein aktiv, snill og god gut med mange interesser som han fyller dagane med. Han er spesielt glad i å hoppa på trampoline, sykle, leike i sandkassen, pusla og teikne. Han er ein veldig tillitsfull gut som likar tøys og moro, men samstundes kan nokre aktivitetar blant mange menneske opplevast som strevsamt så han trivst best saman med ein vaksen.Kven kan bli avlastar?

Avlastar er ein familie som tek imot eitt barn om lag ei helg per månad. Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år.  

Avlastningsfamilien må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha evne til innleving og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barnet treng mest. 

Avlastar må framvisa politiattest. Det er også krav om ordinær politiattest for husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.  

Arbeidstid og godgjersle:

Avlastar får fast arbeidsavtale i kommunen og lønn og godtgjersle etter Kommunenes sentralforbund (KS) sine satsar. 

Det er vanleg å vera avlastningsfamilie kvar 4. helg. Nokre barn kan ha behov for å vera ekstra dagar i avlastningsfamilien i feriar. Dette blir avklart i kvart enkelt tilfelle. Avlastar hentar barnet fredag ettermiddag og bringer det heim søndag ettermiddag.  

Dersom det er behov for nødvendig utstyr for barnet, må ein vera i dialog med eining Tilrettelagte tenester for godkjenning før ein går til innkjøp. 

Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig. 

Etter at gyldig politiattest er mottatt, blir det avtalt eit heimebesøk i den aktuelle familien.

Eininga er opptatt av at både kontaktperson og familien med behov skal godkjenne avlastar. Det er viktig for oss at familien kjenner at det er trygt å senda barnet sitt til avlastar.  

Avlastar får fast arbeidsavtale i Vindafjord kommune.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Nina Haslemo

+47 95407243

Nina.haslemo@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

20ed7723-7b23-4739-a954-73f7a82d10cc

Sist endret

28. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3664261_229847_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser