Helsefagarbeidar helgestilling
Vik kommune Heimebaserte tenester, open omsorg 2
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Vik kommune har ledig 4 helgestillingar som helsefagarbeidar i Bringebærhagen. 3 av stillingane er faste, og 1 er eit vikariat på inntil 1 år. Stillingane er ledig frå snarast.
Om arbeidsstaden
Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!
Me tilbyr
- Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
- Tilskot til flytting og buutgifter kr 40 000,- årleg i to år
- Tilrettelegging for relevant vidareutdanning og sirkulering mellom ulike avdelingar om ynskjeleg
- Årsturnus
- Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
- Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad
- Vera pådrivar for eigenmeistring
- Deltaking i ulike prosjekt
- Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar
Me søkjer
Me søkjer deg som er helsefagarbeidar, og som ynskjer å gjera kvardagen god for andre. Stillingane vert opna for søkjarar med anna relevant utdanning og/eller erfaring.
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Me ynskjer også søkjarar under utdanning, som får autorisasjon i nær framtid
- Stillingane kan opnast for søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring
- God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og positiv
- Du er ryddig, strukturert og systematisk
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og tek ansvar
- Du er fagleg trygg, modig og raus, og evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
- Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20ea99a8-891f-44c6-9d75-9818acd0eae2
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3563059_248691_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Helse og omsorg
Sted
Leikanger