Hopp til innhold

Klinikkleiar

Arbeidsgiver

Tannhelsekompetansesenteret, Vestland, 

Sted

Årstadvegen 19, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Klinikkleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.

God leiing av klinikkane våre er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø.

Har du lyst til å leie eit av dei mest spennande og fagleg sterke miljøa innan offentleg tannhelseteneste i Noreg? 

Tannhelsekompetansesenteret i Vestland ( TkVestland) søkjer no to engasjerte og tydelege klinikkleiar til vår spesialistklinikk i Bergen, som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom god og framtidsretta leiing. 


Om oss

Som eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i landet har TkVestland eit breitt samfunnsoppdrag: vi skal sikre spesialisttannhelsetenester til befolkninga, drive fagutvikling og kvalitetsarbeid, byggje kunnskap gjennom klinisk praksisnær forsking, og vere ein fagleg ressurs for heile den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Spesialistklinikken er hjarta i denne verksemda, med eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og tett samarbeid med forskingsavdelinga vår.

Klinikken har om lag 45 tilsette og som ein av to klinikkleiar får du ansvar for omlag 25 tilsette og ei sentral rolle i å utvikle tenesta vidare, samstundes som du tek vare på og styrkjer eit arbeidsmiljø prega av fagleg stoltheit, samarbeid og utviklingsvilje. Du bidrar til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest. Du deltek aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for TkVestland gjennom områdeleiar si leiargruppe,  og bidreg til at vi når måla våre innan fagutvikling, forsking og pasienttilbod.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for personalleiing av 25 tilsette pr dags dato, inkludert kompetanseutvikling, medarbeideroppfølging og
    rekruttering. 
  • Byggje og vidareutvikle eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
  • Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigen klinikk.
  • Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
  • Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
  • Saman med den andre klinikkleiaren, sikre at klinikken tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
  • Bidra til god samhandling mellom klinikk, forsking og administrasjon.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande. 
  • erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing .
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • godkjent politiattest.

Det er ønskjeleg at du har:

  • utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
  • erfaring frå offentlege helsetenester
  • erfaring med endring- og omstillingsprosessa

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som: 
  • utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
  • evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
  • byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
  • tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
  • er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring.
  • byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.

Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.

Vi tilbyr

  • ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
  • deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
  • eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
  • løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga

 

Les gjerne meir om oss her:

https://www.vestlandfylke.no/tannhelse/tkvestland/om-tkvestland/

 

Kontaktinformasjon

Tonje Hauge Lundin, områdeleiar tannhelse, 99568232, tonje.lundin@vlfk.no

Arbeidsstad

Årstadvegen 19
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5181108274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Tonje Hauge Lundin

områdeleiar tannhelse

99568232

tonje.lundin@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

207eee9b-19ef-43e7-9f6e-f09306a5c3e7

Sist endret

9. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d7ca9e47cdb14a52b36e57713529b238

Lignende annonser

Laster lignende annonser