Trainee - Berekraft
INV- Berekraft, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Trainee
- Oppstart
- 17. august 2026
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 12. januar
Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar der ein tilpassar infrastruktur til eit klima i endring, reduserer utslepp og tek vare på naturmangfald. Avdeling for infrastruktur og veg arbeider for trygge kvardagsvegar. Vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Kvardagsvegane er viktige vegar som bind menneske og lokalsamfunn saman.
Vi ser etter ein trainee til seksjonen Berekraft, som vil jobbe med klimatilpassing og klimaomstilling i planlegging av fylkesvegane. Stillinga er eit engasjement på eitt år.
Arbeidsoppgåver
- Bidra inn i klima og miljøarbeidet på avdelinga
- Arbeide med gode løysingar for å ivareta klima og miljø i tidleg fase av eit vegprosjekt
- Arbeide med å få fokus på klimatilpassing i dei ulike fasane i vegprosjekt
- Utarbeide kunnskapsgrunnlag
Kvalifikasjonar
Du må:
- Ha relevant høgare utdanning, for eksempel mastergrad innan klima og miljø, planlegging eller samfunnsfag
- Vere nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
- Ha kunnskap om planprosessar og konskvensutgreiing
- Beherske norsk som arbeidsspråk
Kunnskap innan følgjande område er ønskeleg:
- Kunnskap om klimaomstilling og/eller klimatilpassing
- Kunnskap om ytre miljø
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega med høge etiske standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode.
Stillinga inneber mykje samarbeid med andre, og du trivast du trivast med dette. Du må jobbe godt med andre ettersom stillinga inneber mykje samarbeid med kollegaer. Du har samfunnsinteresse og sterke analytiske evner. Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater.
Vi tilbyr
- Stillinga er knytt til traineeprogrammet Trainee Vest
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
- Engasjerande og sterkt fagmiljø.
- Fagsamlingar og sosiale arrangement.
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
- Mogelegheit for heimekontor etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn i tråd med traineeordninga til Vestland fylkeskommune
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul.
Kontaktinformasjon
Henrik Løseth Jansen, Seniorrådgjevar, 92080465, Henrik.Loseth.Jansen@vlfk.noJorunn-Elisabeth Stavø, Leiar
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5049441846
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 12.01.2027
Kontaktpersoner for stillingen
Jorunn-Elisabeth Stavø
Leiar
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20649687-9ec9-4266-9ba6-a31f483ca317
- Sist endret
8. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c20899b76ece4a3b9a087eeb7f593ac7
Lignende annonser
Trainee
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
NPI - Forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen
Trainee datadrevet vedlikeholdsstyring
Arbeidsgiver
BKK
Sted
Bergen