Er du fysioterapeut? Bli del av ein luggum ergo- og fysioterapeutgjeng i Lom og Skjåk!
Lom Kommune
Lom, Skjåk, Innlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Ledig vikariat som fysioterapeut i 80% stilling!
Vil du bli del av ein luggum ergo- og fysioterapeutgjeng? Vi har ledig eit 80% vikariat som fysioterapeut frå 01.10.25 fram til 31.10.26, med moglegheit for forlenging.
Oppmøtestad vil hovudsakleg vere i Lom, og ved behov i Skjåk.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
-
Helsefremjande, førebyggjande og kurativ fysioterapiverksemd for alle aldersgrupper, og spesielt retta mot born.
-
Gruppetilbod for barn, ungdom og vaksne
-
Rehabilitering og habilitering
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert fysioterapeut med særleg interesse/ etterutdanning for born.
-
Beherskar norsk munnleg og skriftleg. Nynorsk er skriftspråk i kommunen.
-
Krav om politiattest
-
Førarkort kl B
Kven er du?
Vi søkjer deg som er strukturert og jobbar sjølvstendig. Du trivst med å jobbe saman med både brukarar og fagpersonar. Du er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør. Du er fleksibel, og har interesse for å vidareutvikle tenestetilbodet.
Det er ynskjeleg med snarleg oppstart i stillinga. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi ser fram til å høyre frå deg!Kontaktperson for stillingen
Sivert Jonassen
Leiar for ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk
48 16 55 20
Om bedriften
Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2 årsverk ergoterapistilling og 4,3 årsverk fysioterapistilling, samt 80 % fysioterapeut med driftsavtale.
Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt og kommunalt hjelpemiddellager i begge kommunane. Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
204cae73-b643-4058-8c30-fd101c21757f
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
204cae73-b643-4058-8c30-fd101c21757f