Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal- og Regional sikkerheitspost
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal- og Regional sikkerheitspost
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest i dag
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% fast stilling ved Klinikk for sikkerheitspsykiatri: Det er krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
* Regional sikkerheitspost (RS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg med langvakter i helgane
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S4 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) søker sjukepleiar, 2-delt langvaktsturnus 12,5 timers vakter, med arbeid kvar 4. helg
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 søker sjukepleiar/Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus og kvar 4 helg
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald.
Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Kvalifikasjonar (overskrift)
Seksjon KRS er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. 6 av plassane er for personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar, som rus og personlegheitsforstyrringar. Dei 2 resterande plassane er for personar med kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og fokus er å bygge relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar kartlegging av ADL-ferdigheiter, stimulering av interesser, bruk av sanserom og musikkterapi for kjensleregulering og meistring. Seksjonen legg òg vekt på fysisk helse som ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt. Stilling inneber gyldig politiattest.
Kontakt: Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Tlf. 55958878 eller Susanne Karlsen, Tlf. 55958630
Avdeling for Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar.
Seksjon S1 er ein av dei to lukka døgnseksjonane med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar. Den tverrfaglege behandlingen vi tilbyr blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 70 fast tilsette, og behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3). S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til
dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt
miljø med varierande utfordringar.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Seksjon S6 Seksjon S6 har 12 sengeplassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617 eller Anneli Ødemark Dyrdal, Tlf. 55976827
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5017714514
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20034048-063d-4698-bbe9-9d8e6ac714c9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7c3821bf95664d8fa8fe53a0b205e95d