Sommarjobb på Ryfylkemuseet
Ryfylkemuseet Sti
Suldal, Sauda
Om jobben
- Stillingstittel
- Museumsvert
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100% og deltid 75%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk, skandinavisk eller engelsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Send søknad til
Vil du ha ein sommarjobb der du møter menneske, formidlar historier og jobbar i unike kulturmiljø? Ryfylkemuseet søkjer no sommarvertar til sommarsesongen 2026.
Som sommarvert på Ryfylkemuseet er du ein del av møtet mellom publikum og historia. Du bidreg til å gjera museum og kulturmiljø levande gjennom samtale, nærvær og deltaking, i utstillingar, ute på tunet og i historiske omgjevnader der kvardagsliv, arbeid og forteljingar får ta plass. Arbeidsdagane er varierte, og kan spenna frå guiding og vertskap til levandegjering i kostyme, enkle oppgåver ute og kontakt med både menneske og dyr. Jobben passar for deg som likar å formidla, vera i lag med folk og ta ansvar i eit ope og sosialt miljø.
Kvar kan du jobba?
Som museumsvert kan du få arbeidsdagar ved:
-
Nesasjøhuset (Sand) -- museum, utstillingar og butikk
-
Kolbeinstveit (Suldal) -- historisk museumsgard med levande formidling
-
Industriarbeidarmuseet (Sauda) -- forteljingar frå industri- og kvardagsliv
Arbeidsoppgåver
-
Ta imot publikum og vera vertskap på museum og kulturhistoriske anlegg
-
Guiding og formidling til ulike målgrupper
-
Delta i levandegjering og aktivitetar, til dømes gjennom rollespel eller bruk av kostyme
-
Medverka ved arrangement og aktivitetsdagar
-
Billettsal og enkel servering
-
Lett hagearbeid og stell av uteområde
-
Dagleg stell av dyr der dette er aktuelt
-
Samarbeid med andre vertar, frivillige og tilsette
-
Andre praktiske oppgåver knytte til drift av anlegga
Du treng ikkje vera ekspert på historie -- opplæring blir gitt.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
-
er imøtekomande, påliteleg og glad i å møta folk
-
trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid
-
er interessert i historie, kultur eller formidling
-
kan jobba heile eller delar av sommarsesongen
Førarkort er ein fordel, sidan arbeidet kan vera fordelt på fleire anlegg. Det er moglegheit for overnatting på Kolbeinstveit.
Me tilbyr
-
Ein variert og meiningsfull sommarjobb
-
Arbeid i unike kulturhistoriske omgjevnader
-
Fellesskap med andre vertar
-
Erfaring som er relevant for studium og arbeid innan kultur, reiseliv og formidling
Om bedriften
Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg Sauda, Hjelmeland, Strand, Forsand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1f7d5090-6f0c-4414-b8f6-d7e826bee546
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1f7d5090-6f0c-4414-b8f6-d7e826bee546
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kvitsøy kommune
Sted
Kvitsøy
Ferievikarer Aksdaltunet
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Aksdaltunet
Sted
Aksdal
Ferievikarer Nedstrandtunet
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Nedstrandtunet
Sted
Nedstrand