Seksjonsleiar opplæring i bedrift
Møre og Romsdal fylkeskommune
6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar opplæring i bedrift
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Seksjonsleiar opplæring i bedrift
Kompetanse- og næringsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Om stillinga
Vil du leie arbeidet med å utvikle morgondagens fagarbeidarar?
Vi ser etter ein tydeleg leiar som er samlande og utviklingsorientert. Hos oss får du ei meiningsfull stilling der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæring – og at arbeidslivet får den kompetansen dei treng, no og i framtida.
Som seksjonsleiar får du fag-, økonomi- og personalansvar for seksjonen Opplæring i bedrift, og du blir ein del av leiargruppa til kompetanse- og næringsdirektøren. Seksjonen har det overordna ansvaret for fagopplæringa i fylket, og følger opp lærlingar, lærebedrifter, samarbeidsorgan og prøvenemnder i fylket. Du vil også vere ein pådrivar for utvikling, samarbeid og samskaping på tvers av fagområde.
Arbeidsoppgåver
- leie og utvikle seksjonen
- ha dialog med lokalt og regionalt arbeidsliv
- følgje opp fylkeskommunens ansvar for opplæring i bedrift
- bidra i strategi- og utviklingsarbeid
- saksførebuing til politiske utval
- plan- og rapporteringsarbeid, inklusiv økonomioppfølging
- leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis master og gjerne yrkesfagleg utdanning
- god kjennskap til utdanningssektoren og lokalt og regionalt næringsliv
- evne til god munnleg og skriftleg saksframstilling på norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:- er utviklingsorientert, tydeleg og samlande
- er god til å kommunisere, er initiativrik og har godt humør
- har evne til å skape tillit
- arbeider systematisk, målretta og sjølvstendig
- har evne til å samarbeide internt og eksternt
- ei utfordrande leiarstilling i eit profesjonelt og sterkt fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Stillinga har arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset.
Fagområdet er representert i arbeidslokaler både i Ålesund, Kristiansund og Molde. Reiseverksemd må påreknast.
Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.
Kontaktpersoner for stillingen
Erik Brekken
kompetanse- og næringsdirektør
48131291
Om bedriften
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1f74729e-ebe3-4ccd-a1e7-334dfb2477cd
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4542747