Bioingeniør II
Medisinsk biokjemi og blodbank SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør II
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart teken i bruk i april i år. Her hos oss ved Medisinsk biokjemi og blodbank vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ei ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er heilt nytt. Innan faget hematologi har vi 3 heilt nye Sysmex XR, digital morfologi og SR-instrument som står på automasjonsbandet. Å vere ein del av teamet rundt disse instrumenta er fagleg givande og utfordrande.
Vi ser etter ein strukturert person som gjerne har litt erfaring innan området.
Tenkjer du at dette kan vere noko for deg, så søk på dette vikariatet.
Ved eit eventuelt internt opprykk, vil det bli eit ledig vikariat som bioingeniør.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortredar for fagbioingeniør for fagområdet
- Delta i seksjonen sitt rutinearbeid
- Delta i tredelt vaktturnus ved seksjonen
- Medverke til å oppfylle føretaket sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
- Medverke til å verifisere teknikkar eller utstyr som er i bruk
- Prosedyrearbeid
- Opplæring og rettleiing av studentar eller andre som skal ha opplæring ved seksjonen
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Relevant praksis
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spanande og hektisk miljø
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, 71116211, marit.sivertsen@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5016536334
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1e91e5fe-706c-408c-9a28-b13fe798a59c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
06fc0d03a56449dbae54f36a379562d5