Hopp til innhold

Assistent/helsefagarbeidar til pasient ved somatisk avdeling

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Om jobben

Stillingstittel
Assistent/ helsefagarbeidar til pasient ved somatisk avdeling
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 7. oktober

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  

Ein av våre pasientar treng ein omsorgsfull og trygg assistent/helsefagarbeidar til personleg stell og oppfølging i dagleg aktivitet. Oppfølging innebærer handtering av medisinsk utstyr, men opplæring vil bli gitt.

Bemanning er ein-til-ein, men du vert tilknytt ei gruppe ved somatisk avdeling. Du vil også ha enkelte vakter i gruppen

Det er no en faste stilling ledige, på 80 %, med arbeid kvar tredje helg. Det er og mogleg å ta ekstravakter. Det er stor mulighet for langvakter i ny årsturnus fra mars 2027.

Oppstart i stillinga er så raskt som mulig.

Meir informasjon om stillinga får du ved å henvenda deg til kontaktpersonen vår. 

 


Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som er ein trygg vaksen som trives med å jobbe med prosedyrer og nytte deg av tekniske hjelpemidler, nokon meir avansert enn andre. Du må like å ha ansvar, men ha evne til å samarbeide med andre. Du må evne å opprette god relasjon til både pasienten du har spesielt ansvar for, men og dine kollegaer. 

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 


Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie i det daglege.
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Prosedyrer som inkluderer medisinsk/tekninsk utstyr

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå liknande arbeid er å føretrekke
  • Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja
  • Personleg egnaheit vil verte vektlagt
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk

Det er krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stilling.


Kontaktperson for stillingen

Linea Vedå

avdelingsleiar

+4747262086

linea.veda@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1d8fa116-79b1-49ea-8efb-70e59f69363f

Sist endret

29. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10310824

Lignende annonser

Laster lignende annonser