Miljøterapeut
Avdeling Haram bustadar 2, Haram kommune
Storgata 19, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som Miljøterapeut. Vi har ledig 100% stilling for tida i avdeling Haram bustadar 2. Turnus for stillinga er for tida dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg. Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19.
Haram bustadar yter tenester til i hovudsak mennesker med diagnose psykisk utviklingshemming. Vi kan tilby eit god fagmiljø og butenesta har fokus på å yte gode tenester, fagutvikling og kompetanseheving. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet.
I 2025 er butenesta med i prosjektet TØRN.
Stillinga er ledig frå 3. november -25, eller etter avtale.
Haram bustader består av tre avdelingar, Haram bustader 1 som består av bustadar, Haram bustadar 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter, og vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøter der ein kan dele og søke kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfaglig samansett personalgruppe beståande av ulike utdanningar og kompetanse.
Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønsker.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleiar med primæransvar.
- Legemiddelhåndtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Har ønske om å utvikle deg og tilegne deg ny kunnskap og erfaring.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
- Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med andre miljøterapeutar.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noArbeidsstad
Storgata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5011540383
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.11.2025
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1d2ecaf2-2a94-456d-b605-042dd852c7e6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b0a90b7a4c3945099115e05c88b7f49c