Vil du bli lærling i helsefagarbeidarfaget?
Voss herad Helse-og omsorg stab
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Læretida i helsefag i Voss herad vert lagt opp med rulleringsløp for å gje best mogleg læring. Alle lærlingar startar med grunnleggjande opplæring på sjukeheim, og går deretter vidare til bustad/dagsenter for menneske med nedsett funksjonsevne. Mot slutten har ein læretid i heimetenesta. Voss herad tilbyr og valgfri praksis på Voss sjukehus (dersom kapasitet) og i avdeling for psykisk helse og rus.
For å sikra at våre lærlingar når læreplanmåla og er klar til fagprøva, er det lagt opp til oppgåveløysing knytt til læreplanmål og praksis. Dette er fordelt på 2 år læretid.
Alle lærlingar får 2 instruktørar som føl dei opp på kvar praksisplass.
Tidsrom
01.09.2025 - 31.08.2027
Ved ordinært læreløp på to år skal du som lærling innom om lag fire ulike avdelingar/områder. I tillegg til praktisk opplæring må du også arbeida med teoretiske oppgåver.
Me søkjer- Lærling som ynskjer å ta fagbrev i helsefag
- Som har bestått teoretisk eksamen i alle aktuelle fag
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr- Godt tverrfagleg og sosialt miljø ved dei ulike avdelingane
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Gode vilkår for fagleg utvikling og læring gjennom læretida
- Ein trygg og god arbeidsstad med spanande oppgåver
- Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
- Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
Søk på stillinga ved å klikke på knappen oppe til høgre. Hugs å gje opp referansar.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855539
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3461047_213489_nn