Vernepleiar
Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter
6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Er du ein engasjert og fagleg dyktig vernepleiar som ynskjer å gjere ein forskjell i menneskjers liv? Me søker deg som ynskjer å bli del av vårt team i langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter.
Sogndal er kjent for sin storslåtte natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.
Kvifor jobbe i Sogndal kommune?
Som vernepleiar hjå oss vert du del av eit fagleg team med mykje erfaring og kompetanse.
Me har stor bredde i oppgåver og pasientgruppe. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte prosedyrar som blant anna smertepumper, intravenøs og blodprøvar. Me samhandlar med spesialisthelsetenesta, pårørande og andre einingar i kommunen. Me har fokus på det gode pasientforløp og jobbar målretta med fagutvikling. Me bryr oss om våre tilsette, der alle skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil få tett oppfølging og god opplæring. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Me har ei langtidsavdeling og ei rehab/korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Omsorgssenteret ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Me er med på prestisjeprosjektet Tørn i regi av KS. Målet med prosjektet er å finne gode og berekraftige løysingar på oppgåveutføringa i kommunen ilag med medarbeidarane. Dette betyr at du vil ha moglegheit til å vere med å påverke din eiga arbeidskvardag!
Om stillinga
Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar:
· Vernepleiar vikariat inntil 100% stilling i eit år
Me startar med kalenderplan/årsturnus april 2025, med individuelle tilpassingar av turnus. Det vert moglegheit for langvaktar etter ynskje med jobb kvar 4.helg eller ordinære vakter kvar 3.helg.
· Sjukepleiefaglege oppgåver på langtidsavdeling. Blant anna oppgåver som sårstell, intravenøs, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering og lindrande behandling.
· Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL og bruk av NEWS
· Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.
· Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
· Vurdere behov og planlegge heilskapleg helsehjelp og tiltak i samarbeid med bebuar, pårørande, tilsynslege, kollegaer og leiing.
· Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
· Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar
· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
· Ivareta godt pårørandesamarbeid
· Legemiddelhandtering og administrering
Kvalifikasjonar:
· Bachelor i vernepleie med norsk autorisasjon
· Beherske norsk, skriftleg og munnleg
· Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, psykiatri eller geriatri.
Personlege eigenskapar:
· Løysingsorientert og positiv
· Fagleg sterkt og er trygg i rolla som vernepleiar
· Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Takle ein variert arbeidskvardag
· Ansvarsfull og serviceinnstilt
· Open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
· Endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
· Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
· Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
· Lønn etter tariff
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2889181
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3478607_194679_nn