Rådgivar/seniorrådgivar - Klimatilpasning
Miljødirektoratet
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar - Klimatilpasning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Om stillinga
Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Er du kunnskaps- og utviklingsorientert og ønskjer å jobbe medtilpassing til eit klima i endring? Er du oppteken av ei berekraftig samfunnsutvikling? Da er du kanskje den vi ser etter.
Hos oss får du moglegheit til å være ein sentral bidragsytari utviklinga av klimaarbeidet, i samarbeid med svært kompetente og engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar. Så om du har interesse for klima, naturens betydning i eit endra klima, politiske prosessar på klimaområdet og samfunnsutvikling, er dette kanskje jobben for deg.
Vi har nå ei ledig fast stilling og er derfor ute etter ein person som har lyst til å jobbe med fagfeltet klimatilpassing og den nasjonale koordinerande rolla til Miljødirektoratet. I stillinga får du samarbeidd tett med andre direktorat, forskarar og andre aktørar med kunnskapsutvikling og rettleiing for å førebu samfunnet på konsekvensar av eit klima i endring.
Stillinga er plassert i seksjon for arealplan og klimatilpassing, som jobbar med ivaretaking av klima- og miljøomsyn i arealplanlegging og med klimatilpassing retta motnasjonale myndigheiter og kommunal og regional forvalting.
I arbeidet med klimatilpassing rådgjer og støttar vi Klima- og miljødepartementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing, følgje opp stortingsmeldinga på klimatilpassing og har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på statleg nivå.
Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo, og har i dag 21 medarbeidarar. Geografisk plassering av denne stillinga er på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- ha eit hovudansvar for tema naturbaserte løysingar
- delta i statens arbeid med forventahavnivåstigning
- bidra inn i nettverksarbeid med kommunar og andre
- følgje opp ulike forventningar frå regjeringa i stortingsmeldinga om klimatilpassing
- delta i eller ta ansvar for ulike utgreiingsoppgåver
- rådgjeving og støtte til Klima- og miljødepartementet i ulike sakar (KLD)
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- du har fullført utdanning på minimum mastergradnivå innan samfunnsvitskap, naturvitskap eller innan andre relevante fagområde.
- du har erfaring frå sjølvstendig arbeid innanfor relevante fagområde og gjerne frå tverrfaglege miljø
- du har med fordel kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing, og gjerne samfunnsomstilling og klimarisiko
- du har kunnskap om og erfaring med problemstillingar knytta til havnivåstigning
- du har gjerne erfaring med utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid og arbeid i eller mot offentleg forvalting
- du skriv og kommuniserer godt på norsk
- du har god samfunns- og forvaltningsforståing
- du er analytisk og har god evne til å vurdere heilskap og samanhengar på tvers av tema og fagområde
- du har interesse for klima og særleg naturensbetydning i eit klima i endring, og kva det betyr i samfunnsutviklinga
- du jobbar sjølvstendig og systematisk, og evnar å levere i tide
- du er god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar med lønn i lønnsspennet frå kr. 560 000 - 830 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er
- seksjonsleiar Steinulf Hoel, tlf. +47 91 58 28 78 eller e-post steinulf.hoel@miljodir.no
- faggruppeleiar Ida Marie Gildestad, tlf. +47 95 86 84 24 eller e-post ida.gildestad@miljodir.no
Oppgi referansenummer 80-2025 LAK når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c2e98ad-a798-4d7e-8a5a-d78eed354899
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262533