Landmålar
Teknisk og landbruk, Sande kommune
Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Landmålar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Sektor for teknisk og landbruk har ledig fast stilling som autorisert landmålar. Vi søker deg som er sjølvstendig, påliteleg og initiativrik. Stillinga er ein del av administrasjonen ved sektor for teknisk og landbruk, med arbeidsstad på rådhuset på Larsnes. Næraste leiar vil vere kommunalsjef.
Sektoren har eit breitt ansvar innan kommunal drift og vedlikehald. I tillegg til landmåling har sektoren oppgåver knytt til byggesak, landbruk, oppmåling, kommunale bygg, vegar, vassverk og avløp. Det er tett samarbeid mellom administrasjon og uteseksjon.
Arbeidsoppgåver
- utføring av oppmålingsforretningar etter matrikkellova, frå mottak til fakturering
- kartforvaltning
- ansvar for kommunen sitt GIS system
- arbeid innan geodata, seksjonering, adressering og matrikulering
- rettleiing til innbyggjarar, utbyggjarar og næringsliv
- andre drift- og utviklingsoppgåver i samband med desse oppgåvene
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning og/eller relevant arbeidserfaring
- kjennskap med oppmålingsforretningar
- gode GIS/Geodatakunnskapar
- kjennskap til relevant lovverk som matrikkellov, plan- og bygningslova mm
- kjennskap til GISLINE forvaltningsprogram
- førarkort klasse B
Godkjenning som matrikkelførar er ønskeleg, men er ikkje eit krav. Den som blir tilsett må vere villeg til å gjennomføre tilleggs- og vidareutdanning som landmålar. Personar med autorisasjon innan landmåling vil bli prioriterte, men andre kan også søke.
Personlege eigenskapar
- Du er god på å kommunisere og skape relasjonar.
- Du arbeider systematisk, er detaljorientert og nøyaktig.
- Du tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Du likar variasjon mellom arbeid på kontor og ute i felt.
Vi tilbyr
- fagleg utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer
- godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- IA-bedrift
- høve til å delta i Sande brannvesen.
Kontaktinformasjon
Kjell Martin Vikene, Teknisk sjef, +47 90882170
Arbeidsstad
Rønnebergplassen 17
6084 LARSNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5031178705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Kjell Martin Vikene
Teknisk sjef
+47 90882170
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c232fcb-a1ae-49c8-ab3f-9e19e0cfc618
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
07301614525e49a5a0c857e710166dba
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Mesta
Sted
Hovdebygda
Arbeidsgiver
Ulstein Elektro Installasjon AS
Sted
Ulsteinvik
Anleggsleder Konstruksjon
Arbeidsgiver
Mesta
Sted
Hovdebygda