Helsefagarbeider 100 % fast på Meland sjukeheim
Alver kommune
Havenvegen 12, 5918 Frekhaug, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider 100 % fast på Meland sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. april
Om stillinga
Vi har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i turnus med arbeid kvar 3. helg på Nordgardstunet/Lerketunet. Det er høve til langvakter kvar 4. helg. Turnusen vil ha vakter på både Lerketunet og Nordgardstunet. Vi ønskjer tiltreding i stillingane snarast råd.
Om oss
- Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.
- Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Lerketunet er ei avdeling for dei som lever med demens, her er 12 plassar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar med komplekse sjukdomsbilete. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Kven er du?
Me tilbyr
Døme:
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I sjukeheimstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Ny kommune i utvikling.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted