Ergoterapeut
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Vi har ledig fast 100% stilling for ergoterapeut frå 01.01.26 tilknytta Nevroklinikken.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Spinaleininga og Nevrologisk akuttpost. Ved Spinaleininga jobbar ergoterapeuten med rehabilitering av pasientar med ryggmargsskadar. Vurdering og trening i daglege aktivitetar samt oppfølging av handfunksjon er ein del av oppgåvene. Ved Nevrologisk akuttpost jobbar ein med pasientar med nyoppstått hjerneslag og andre nevrologiske sjukdomar. Ergoterapeuten kartlegg ADL-funksjon og utfører screening av kognitiv funksjon og handfunksjon for å vurdere pasienten sitt behov for vidare rehabilitering. Oppfølging i poliklinikk er og aktuelt. Ved begge einingar samarbeider ein tett med andre yrkesgrupper i tverrfagelge team.
Arbeidsoppgåver
Ved Spinaleininga- Vurdering og oppfølging av handfunksjon ved tetraplegi og etter tetrakirurgi
- Trening i daglege aktivitetar
- Kartlegging og oppfølging av hjelpemiddel og tilrettelegging av bustad i samarbeid med kommune
- Vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og handfunksjon
- Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
- Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1. linjetenesta
- Rettleiing av pårørande og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
- God kunnskap og interesse for nevrologi og rehabilitering
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Erfaring frå rehabilitering etter ryggmargsskade er ein fordel
- Erfaring frå rehabilitering etter hjerneslag er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
- Du er positiv og fleksibel
- Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
- Du er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr
- Aktivt og triveleg arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Silje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 99357063Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5026758986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Bodil Stokke
Avdelingssjef
55975008
Silje Nødtvedt
Seksjonsleiar
99357063
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b95afc5-66d8-4417-8e68-5be7080e6785
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ab76a0001a04eaba5ef144c4ee98156