Ein av våre lærarar skal ha foreldrepermisjon - vil du vere vikar?
Vindafjord kommune Vikedal skule
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 70%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Vikedal skule har ledig eit vikariat i 60-80% stilling frå 12.01.26 - 31.12.26. Me søker deg som bryr deg om elevane – og som er oppteken av læring og meistring. Me veit at læring skjer best når elevane kjenner seg trygge, sett og forstått – og når dei vaksne rundt dei samarbeider mot same mål. Difor legg me stor vekt på tillit, gode relasjonar og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa både som pedagog og kollega.
Dette er sjansen for deg som vil bidra til å forma framtida – og som vil hjelpa oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre.
Kva får du jobba med hos oss:- Bidra til eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Planleggje og leie elevanes læring både i og utanfor klasserommet.
- Byggja gode relasjonar til elevar og føresette.
- Fremje elevane si læring med varierte undervisningsmetodar.
- Rettleie og støtte elevane i leik, sosial utvikling og læring.
- Ta del i eit fellesskap der med lærer, deler og utviklar oss saman.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som gir meistring.
- Engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å komma godt i gong i den nye rolla di. Nyutdanna lærarar vil få eigen mentor.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Kontaktlærartillegg for dei som tek på seg kontaktlæraransvar.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Undervisningskompetanse i faga engelsk, naturfag og samfunnsfag på ungdomsskulen.
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
- Annen relevant pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
- Elevsentrert: Du møter elevane med respekt, varme og nysgjerrigheit, er open og lyttande, og planlegg for meistring og læring.
- Relasjonsbyggar: Du skapar tryggleik og tillit gjennom omsorg, gode relasjonar og tydelege grenser – både i klasserommet og på arbeidsplassen.
- Lagspelar: Du likar å samarbeida, deler ansvar og bidreg aktivt til eit positivt skule- og arbeidsmiljø.
- Problemløysar: Du tar ansvar, finn løysingar og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b959023-6d09-44ca-a142-98b0675ba549
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574331_228565_nn
Lignende annonser
Me søkjer lærar til Erfjord skule!
Arbeidsgiver
Suldal kommune Erfjord skule
Sted
Erfjord
Faglærar i 75% fast stilling
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold skule
Sted
Skjold
Tilkallingsvikar lærer og miljøarbeider/assistent
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Skole
Sted
Aksdal