Psykolog, 100% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Eining helse. Tilsetjing psykolog, 100% fast stilling frå snarast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Om stillinga
Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog. Stillinga er nyoppretta. Vi er på leit etter deg som vil bidra til kvalitet, utvikling og samhandling i tenestene. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i to år. Mogleg med avtale om noko heimekontor dersom ynskjeleg/fleksibel arbeidstid. Arbeidsområdet vil vere i begge kommunane, og det er allereie fleire vertskommunesamarbeid mellom kommunane. Gulen kommune er vertskommune for denne stillinga. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising.
Me tilbyr
- Konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i denne stillinga i to år. Bonusen vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra.
- Spanande og varierte oppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Moglegheit for spesialisering
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å sjå etter bustad
Bakteppe
I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osb. vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester, som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern. Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik. Det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom samarbeidsprosjektet "Fag- og tenesteutvikling" ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene i stillinga vil verte tredelt, med hovudfokus på fylgjande område:
- førebyggande og kurative tenester til innbyggjarane, både til individ og grupper
- rettleing og fagstøtte til andre tenesteytarar og faggrupper i kommunen
- plan- og utviklingsarbeid på systemnivå
- Andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist
- Det er ein fordel med med relevant klinisk erfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
- Har evne til å sjå heilskap og samanhengar
- Er pliktoppfyllande, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Har evne til å skape tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar
- Kan arbeide både sjølvstendig og samarbeide godt i team, og har gjennomføringskraft
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen og Masfjorden kommunar er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Det vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell- og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar.
Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem.
Sektor
Offentlig
Nettsted