Fagarbeidar 100% vikariat Nørve barnehage
Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund midtre
Bøgata 39, 6008 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. oktober 2026
- Stillingstittel
- Fagarbeidar 100% vikariat Nørve barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. september
Arbeidsoppgåver
- Stillinga som fagarbeider består av arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med Barnehageloven og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.
- Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under:
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn.
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe.
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om.
- Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid.
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Godkjent politiattest.
- Gode norskkunnskapar i tråd med barnehageloven §§ 27 og 28.
- På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke.
- Gode IKT kunnskaper til dagleg bruk i prosjektarbeid og dokumentasjon.
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som har evne til å:
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring.
- Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen.
- Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet.
- Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass.
- Vere bidragsytar på personalmøter og planleggingsdagar, og ønske personleg utvikling.
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov.
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus.
- Sette deg personlege mål og vere synleg i gruppa.
- Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar.
- Vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff.
- Gode pensjonsordningar i KLP.
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og positive medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver.
- Hos oss møter du undrande og aktive barn som sett sitt preg på kvardagen.
- Ein miljøsertifisert barnehage.
Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 415 18 135, marthe.lundemo@alesund.kommune.noArbeidsstad
Bøgata 396008 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5173776260
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b22b027-7a17-46f9-8e39-bfec629cc83f
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f8d237451a674486a589aea466e8f288