Miljøarbeidar i TTF - 50% Fast medleverturnus
Fyresdal Kommune Heimebaserte Tjen
Avdeling heimetenester og TTF, 3870 Fyresdal
Om jobben
TTF i Fyresdal kommune søkjer miljøarbeidar i 50 % fast stilling i medleverturnus, knytt til oppfølging av ein tenestemottakar.
- Oppstart
- 1. desember 2026
- Stillingstittel
- Miljøarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Søk på jobben
Søk senest i dag
Send søknad til
Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:-
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-
Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
-
Har god evne til å jobbe sjølvstendig
-
Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
-
Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
-
Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
-
Har stor arbeidskapasitet
-
Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
-
Likar utfordringar
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
-
Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
-
Miljøarbeid og målretta oppfølging
-
Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
-
Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
-
Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar, når nødvendig opplæring er gjennomført og kompetanse er vurdert
-
Dokumentasjon og oppfølging av tiltak og planar
-
Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
-
Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta når det er behov for det
-
Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
-
Andre oppgåver som naturleg høyrer til tenesta
Kvalifikasjonar
-
Helsefagleg utdanningsbakgrunn er ønskjeleg.
-
Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming eller andre funksjonsvariasjoner er ein fordel
-
Erfaring frå miljøarbeid er ein fordel
-
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
-
Du må kunne bruke digitale arbeidsverktøy
-
Førarkort klasse B
Vi tilbyr
Vi tilbyr
-
Medleverturnus med lengre arbeidsperiodar og lengre friperiodar
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
-
Eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
-
Moglegheit for fagleg utvikling og opplæring
-
Kommunale tilsettingsvilkår og god pensjonsordning
-
Løn etter gjeldande tariffavtale
-
Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
-
Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
-
Seks månadar prøvetid
-
Krav om politiattest før tiltreding
-
Teieplikt etter gjeldande regelverk
Kontaktperson for stillingen
Eirin Dalen
Avdelingsleiar TTF
+47 93254401
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1adfdf54-dd17-4362-a174-f122aca1b934
- Sist endret
21. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1adfdf54-dd17-4362-a174-f122aca1b934