Vi søkjer etter fagperson med bachelor/master innan kjemi, biologi, HMS eller yrkeshygiene
Bedriftshelse1
Eitrheimsvegen 52, 5750 Odda
Om jobben
Stillingstittel
Yrkeshygieniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Om du ønskjer å bruke din kompetanse til å styrkje arbeidshelse i eit førebyggande perspektiv, har vi ei utfordrande og utviklande stilling til deg!
Vi søkjer etter deg med kompetanse innan HMS, kjemi, biologi, yrkeshygiene eller anna relevant kompetanse. Vår nye medarbeidar vil inngå i vårt team på 12 yrkeshygienikarar, og jobbe tverrfagleg saman med øvrig helsepersonell i bedrifta.
Kvifor Odda?
Odda ligg midt mellom fjord og fjell, med spektakulær natur, kort veg til Hardangervidda og eit lokalsamfunn med lange tradisjonar innan industri. Her får du det beste frå to verdar -- eit rikt og variert arbeidsliv kombinert med unike moglegheiter for friluftsliv, kultur og trivsel.
Hjå oss får du arbeide tett på spennande kundar innan industri, prosessverksemd, bygg og andre bransjar der yrkeshygieniske problemstillingar står høgt på agendaen. Du blir ein viktig del av eit sterkt fagmiljø som brenn for å skape trygge og helsefremjande arbeidsplassar.
Arbeidsoppgåver:Arbeidsoppgåvene vil vere å kartlegge og undersøke kjemiske, biologiske og fysiske arbeidsmiljøfaktorar, inkludert vurdering av risiko for helseskade, og å føreslå førebyggande tiltak.
Arbeidsfeltet er breitt og medfører også kundekontakt, opplæring/kurs vedr. utfordringar i arbeidsmiljøet, rådgjeving i byggesaker, og rådgjeving til våre kundar i forhold til arbeidsmiljø og systematisk HMS-arbeid.
Kvalifikasjonar:Vi ønskjer ein kollega som samarbeider godt i tverrfaglege team, jobbar systematisk med å identifisere og løse problem, kan jobbe sjølvstendig, og som aktivt bygger og vedlikeheld gode relasjonar både internt og med kundar/oppdragsgjevarar.
Vi kan tilby:Jobben vil medføre ein del reising/kundeoppfølging, så du må ha førarkort for personbil. For spørsmål om stillinga, kontakt regionleiar Ranveig Ure, tlf.: 41569074, ranveig.ure@bedriftshelse1.no
**Søknad med cv sendast til:**post@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist 5.oktober: Aktuelle søkjarar blir vurderte fortløpande -- så send søknaden din snarast mogleg.Om bedriften
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta i Bergen og på Vestlandet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a06b06e-cc5c-409d-b489-2f27aafe5d7e
- Hentet fra
FINN
- Referanse
425241613