Rådgjevar
Rettleiingstenesta Vestland nord, Førde, Vestland fylkeskommune
Naustdalsvegen 12, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Vestland fylkeskommune har rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Tenesta skal vere med å legge til rette for at flest muleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med lærebedrifter, skular, kommunar og andre aktuelle instansar.
Vi har ledig 100 % stilling som rådgjevar innan vidaregåande opplæring.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Den som skal tilsetjast må leggje fram godkjent politiattest.
6800 Førde
Referansenr.: 4672400420
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025
Vi har ledig 100 % stilling som rådgjevar innan vidaregåande opplæring.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at rettleiingstenestene leverer tenester med høg fagleg kvalitet ved å:
- hjelpe skular og lærebedrifter med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Målet er at alle elevar og lærlingar skal oppleve tilpassa og inkluderande opplæring.
- utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det
- vere kontaktperson for lærebedrifter og skular
- bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta
- bidra til at ungdom og vaksne får fullført vidaregåande opplæring og vert kvalifisert for jobb og vidare utdanning
andre arbeidsoppgåver innanfor rettleiingstenesta kan vere aktuelle
Kvalifikasjonar
Masternivå frå universitet eller høgskule i relevante fag som til dømes pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi og:
- minimum 5 år arbeidserfaring
- kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- rettleiingskompetanse og erfaring frå opplæring. Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein fordel.
- førarkort kl.B
Annan relevant kompetanse og/eller erfaring kan erstatte kravet om mastergrad. Ein vert då tilsett i annan stillingsnemning.
Personlege eigenskapar
l stillinga ser vi etter deg som er:
- lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
- analytisk og viser god systemforståing
- inkluderande og byggjer gode relasjonar
- engasjert og har evne til å motivere
- sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
- ansvarsfull, målretta og systematisk
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit spanande og breitt fagleg fellesskap der det blir lagt til rette for vidareutvikling av fagkompetanse.Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Den som skal tilsetjast må leggje fram godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Margrethe Eikrem Aarset, leiarArbeidsstad
Naustdalsvegen 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4672400420
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Margrethe Eikrem Aarset
leiar
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a021a8c-c330-47e6-b4dc-e2a08e625cf7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
26e5d513fcbf4fb4864275747752fb60