Vil du vere med og halde kommunen rein og samtidig få ein aktiv arbeidskvardag?
Fjaler kommune Reinhaldssentralen
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldsoperatørar til ei 100 % og ei 50 % fast stilling i reinhaldssentralen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Vil du bidra til reine, trygge og trivelege bygg? Reinhaldssentralen søkjer etter to engasjerte og pålitelege reinhaldsoperatørar til faste stillingar med oppstart 2. januar 2027.
Vi har ledig:
100 % fast stilling - for tida er arbeidstid måndag–fredag kl. 06.00–13.30.
50 % fast stilling - for tida er arbeidstid frå kl. 06.00 måndag til fredag. Stillinga inneber for tida arbeid fem dagar i veka.
I søknaden ber vi deg opplyse om du søkjer på 100 % stillinga, 50 % stillinga eller begge stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald
- Vedlikehald og behandling av golv
- Hovudreinhald
- Reinhald på ulike lokasjonar i kommunen
- Arbeidet er fysisk og inneber mellom anna å gå ein del i løpet av arbeidsdagen, gå i trapper og handtere og transportere reinhaldsutstyr og varer.
- Andre oppgåver innan reinhaldsfaget
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør.
- Søkjarar utan fagbrev kan bli vurderte dersom dei har lang erfaring frå reinhaldsarbeid og er villige til å ta fagbrev innan tre år.
- Minimum B1-nivå i norsk, skriftleg og munnleg.
- Søkjarar må ha fylt 18 år.
- Førarkort klasse B og tilgang til bil
- Erfaring med bruk av ulike reinhaldsmaskiner.
- Erfaring med dagleg og periodisk reinhald.
Dersom det skulle bli aktuelt med arbeid i skule eller barnehage, vil det vere krav om politiattest i samsvar med gjeldande regelverk.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er løysingsorientert og påliteleg
- arbeider nøyaktig og sjølvstendig, og har auge for detaljar
- trivst med varierte og fysisk krevjande arbeidsoppgåver
- er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre
- er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, arbeidstid og arbeidsstad ut frå behov i tenesta
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og tek initiativ når det trengst
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stilliga.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- 10 000 kroner i fast tillegg på toppen av grunnløna
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Moglegheit for tilrettelegging slik at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekkje søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
19c6cad7-faa4-4014-b7f4-fbad9b34d03d
- Sist endret
7. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3652585_173799_nn