Hopp til innhold

Planlegger

Arbeidsgiver

Leirvik AS

Sted

Storhaugvegen 130, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Planlegger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Leirvik AS søkjer til våre pågåande og framtidige prosjekter ein planleggar med erfaring frå prosjektplanlegging av større prosjekt. På anlegget vårt på Leirvik, Stord, vil du som planleggar bli ein viktig del av prosjektleiinga, og få vera med på prosjekta frå start til slutt. Du vil vera med i etableringa av aktivitetar, oppfølging av framdriftsplan og vidareutvikling av prosjektplan. Du vil òg bidra til utvikling av bedrifta sin systematikk for prosjektplanlegging og gjennomføring.

I Leirvik får du moglegheit til å arbeide saman med mange dyktige menneske på tvers av ulike fagfelt. Di oppgåve blir å fungere som ein plankoordinator for desse ulike fagfelta, gjennom heile prosjektperioden. Det er også viktig at planar for prosjektet mogleggjer god framdrift og legg til rette for at dei måla og milepælane som blir satt undervegs, blir overhalde.

Ein av dine gode eigenskapar er evna til å kommunisere tydeleg og klart, både skriftleg og munnleg. Du er god på å forklare dei ulike stega av prosjekta på ein enkel og forståeleg måte og evner å gi klar instruks til deltakarar i prosjekta. Du er også analytisk anlagt og ser stadig etter forbetringspunkt og tiltak som kan hjelpe med å utvikle og effektivisere dei ulike prosessane.

Du er glad i å lære nye ting og likar å halde deg oppdatert på nye metodar innan prosjektgjennomføring.



Arbeidsoppgaver

  • Etablering og oppbygging av plan ihht kontrakt og gjennomføringsmetod
  • Etablering av aktivitetar, oppfølging av framdriftsplan og vidareutvikling av prosjektplan
  • Rapportering internt og eksternt
  • Bemanningsplanlegging
  • Tilbodsarbeid
  • Bidra til vidareutvikling av bedrifta sin systematikk for prosjektplanlegging og gjennomføring

Kvalifikasjoner

  • Erfaring frå prosjektplanlegging / gjennomføring av større prosjekter
  • Erfaring med leiing / koordinering for prosjektgjennomføring i offshore eller bygg og anlegg
  • Erfaring med engineering og/eller fabrikasjon er ein fordel
  • Kjennskap til Primavera planleggingsverktøy er en fordel, men opplæring vil bli gitt
  • Har gode, generelle datakunnskapar, evne / vilje til å lære
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne på norsk og engelsk

Personlige egenskaper

  • Sjølvstendig og systematisk
  • Leiarerfaring eller -eigenskapar
  • Evne til å sjå dei store linjene i prosjektet og finne moglegheiter for optimalisering og effektivisering
  • Ein god kommunikator og lagspelar
  • Positiv, proaktiv

Vi tilbyr

  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»
  • Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Arne ottesen, SVP Leirvik Industrial Solution, 48297004
Øystein Rykkje, Manager Planning, 93039034
Tor Erik Gjuvsland Eide, Senior HR Advisor, 92210930

Arbeidssted

Storhaugvegen 130
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 5172386826
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Tor Erik Gjuvsland Eide

Senior HR Advisor

92210930

Øystein Rykkje

Manager Planning

93039034

Arne ottesen

SVP Leirvik Industrial Solution

48297004

Om bedriften

Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 330 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.

Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore. 

Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.

Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

195dda4c-c94e-4e22-b280-56e463173750

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ca575bea54fe4d98a8e9e1df8e5af353

Lignende annonser

Laster lignende annonser