Hopp til innhold

Miljøarbeidar

Arbeidsgiver

Hyllestad kommune Omsorgstenestene

Sted

Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

 

Hyllestad kommune har ledig stilling som miljøarbeidar/brukarstyrt personleg assistent (BPA) knytt til oppfølging av ein brukar i miljøtenesta.

Vi søkjer etter ein trygg, omsorgsfull og engasjert medarbeidar som ønskjer å bidra til meistring, tryggleik og livskvalitet i kvardagen. Du må trivast med å arbeide tett med menneske, vere god på relasjonsbygging og ha evne til å møte den enkelte med respekt, tolmod og forståing.

For at stillinga skal vere i 100 % vil det knyte seg arbeid elles i omsorgstenesta 3. kvar helg.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og individuell oppfølging av brukar.
  • Bidra til struktur, føreseielegheit og gode rutinar i kvardagen.
  • Støtte og rettleiing i daglege aktivitetar og gjeremål.
  • Arbeide målretta med meistring, sjølvstende og livskvalitet.
  • Skape tryggleik gjennom gode relasjonar og stabil oppfølging.
  • Observere, dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande rutinar.
  • Samarbeide med pårørande og andre aktuelle fagpersonar.

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa brukaren sine behov og føresetnader.

Kvalifikasjonar og ønskte eigenskapar

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som har:

  • Utdanning innan helse- sosial- eller pedagogiske fag (t.d. vernepleie, sjukepleie, sosionom, barnevernspedagogikk, pedagogikk, spesialpedagogikk), eller anna relevent utdanning.
  • Vidareutdanning eller kompetanse innan psykisk helse eller miljøterapeutisk arbeid er ein fordel.
  • Erfaring frå miljøarbeid, miljøterapi, psykisk helsearbeid eller arbeid med menneske som har behov for tilrettelegging og tett oppfølging.
  • Evne til å bygge trygge og tillitsfulle relasjonar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med å arbeide i tverrfaglege team. 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Ei positiv, fleksibel og løysingsorientert innstilling.

Vi legg vekt på å setje saman eit tverrfagleg personalmiljø, og oppmodar difor søkjarar med ulik fagbakgrunn og er faring til å søkje.
Relevant erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon kan vege opp for manglande formell utdanning.

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • Er trygg, tolmodig og omsorgsfull.
  • Har gode evner til å skape tillit og tryggleik.
  • Er fleksibel og tilpassingsdyktig.
  • Har respekt for den enkelte sin integritet, sjølvbestemming og behov.
  • Er ansvarsbevisst og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag.
  • Moglegheit til å bidra til utvikling og gode tenester for brukar.
  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Andre opplysningar

Det er krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.

Tilsetting skjer på dei vilkåra som går fram av gjeldande lover, regelverk og tariffavtalar.

Vil du bli med på laget vårt?

Dersom du ønskjer ein jobb der du kan gjere ein forskjell i kvardagen til eit anna menneske, håpar vi du søkjer!

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Linn Christin Fløholm, telefon 478 71 866.

 

Relevante lenkjer/info

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

VELKOMEN SOM SØKJAR!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Einingsleiar Linn Christin Fløholm

Einingsleiar

+47 47871866 +47 57789605

linn.christin.floholm@hyllestad.kommune.no

Om bedriften

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko. Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen. Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre. Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og! Tilgjengeerklæring

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1917312b-fbcd-4ced-b46b-725ed064ec2d

Sist endret

12. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3677941_234519_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser