Har du forelska deg i Ullensvang?
Prima Assistanse avdeling Vestland
5780 Kinsarvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
BPA assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Kanskje har du møtt kjærleiken i Ullensvang i sommar? Eller har du forelska deg i naturen, fjella og fjorden? Vil du busetta deg her? Då har eg jobben for deg.
Eg er ei aktiv kvinne på 41 år med to barn. Eg er avhengig av rullestol og treng nokon som kan vera mine armar og bein slik at eg kan vera politikar, mamma og vera skribent. Leva det livet eg ynskjer rett og slett.
Eg har ledig en fast stilling på 100%. Det er og behov for fleire assistentar på tilkalling. Det er viktig at den assistenten som tilsettast i fast stillingsprosent har moglegheit til å kunne vera med på dagsturar i ny og ne. Arbeidstid vil stort sett vera på dagtid, men noko arbeid på kveld og helg kan førekoma.
Eg er ei positiv dame med mange jern i elden. Eg elskar musikk, konsertar og vera med vener. Samstundes må eg av og til gira ned mellom slaga med Netflix. Politikken og familien tar det meste av tida mi. Så er nok til tider energisk men òg ein person som treng mykje ro. Eg elskar bøker. Så du blir nok med på Litteraturfestival, kafebesøk med vener, i tilegg til mykje køyring for å fylgje opp borna.
Oppgåver:
- Køyra bil
- Vera med på jobb og andre reiser
- Husarbeid
- Assistanse i forbindelse med måltider
- Lette løft kan førekoma
- Bistå meg til å vera mamma
Ønskede kvalifikasjoner og egenskaper:
- Du må ha lappen
- Lika huslege oppgåver og ein fleksibel kvardag
- Være postiv og punktleg
Grunna arbeidets art vert kvinner oppfordra til å søkja. Eg har katt det er difor viktig at du ikkje er allergisk.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
188ca2d0-f5a3-47ed-8f68-79c5eebb41bd
- Hentet fra
vilect
- Referanse
40a6341f-806e-4f64-b384-77e337b04142