Leiar for opplæring- Fagopplæring Elektro
Fagopplæring Elektro
Firdavegen 6, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Leiar for opplæring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Vil du vere med å forme framtidas fagarbeidarar i elektrobransjen?
Fagopplæring Elektro søkjer ein engasjert og strukturert leiar for opplæring som vil vere med å utvikle eit stort og veldrive opplæringskontor i Sogn og Fjordane.
Som leiar for opplæring får du ansvar for å leie, planlegge og gjennomføre teoriundervisning og kurs for lærlingar og andre i elektrofaget. Du vil i samarbeid med dei andre tilsette følgje opp lærlingar og lærebedrifter, drive rekrutteringsarbeid og bidra til strategisk utvikling av opplæringskontoret. Du blir ein nøkkelperson i eit sterkt fagmiljø med stor fridom og høve til å påverke.
Arbeidsoppgåver-
Ansvar for teoriundervisning og kurs for lærlingar og andre i faget.
-
Oppfølging av teoriundervisning.
-
Oppfølging av våre lærlingar -- ca 70 nye kvart år.
-
Motivere og vere støtte for lærebedriftene i opplæringa.
-
Drive rekrutteringsarbeid for bransjen.
-
Strategiarbeid og utvikling av opplæringskontoret.
-
Administrasjon og koordinering av kontoret sin daglege aktivitet.
-
Budsjett- og kostnadskontroll i samarbeid med dagleg leiar.
-
Samarbeid med vidaregåande skular, fylkeskommune, NAV og andre opplæringskontor.
-
Relevant kompetanse i elektrofaget, gjerne på fagskulenivå. Praktisk erfaring kan kompensere for formell utdanning.
-
God formidlingsevne og erfaring med undervisning.
-
Trivst i lag med ungdom og er ein god rollemodell.
-
Strukturert, sjølvstendig og utadvendt.
-
Gode evner til nettverksbygging og samarbeid.
-
Evne og vilje til å ta i bruk nye arbeidsmetodar og teknologi
-
Leiareigenskapar
-
Førarkort Kl B
-
Stor fridom til å legge til rette for eiga utvikling.
-
Moglegheit til å vidareutvikle eit stort og veldrive opplæringskontor.
-
Deltaking i eit sterkt fagmiljø innan elektrofaget og fagopplæring.
-
Kontorstad er i Førde, med moglegheit for delvis heimekontor
-
God tenestepensjonsordning.
-
Fast 100 % stilling med løn etter avtale.
Fagopplæring Elektro er opplæringskontor for 65 aktive lærebedrifter med til saman 900 tilsette. Kontoret har tett samarbeid med NHO Elektro Sogn og Fjordane, som er regional bransjeorganisasjon. Våre medlemsbedrifter får moglegheit til å sikre god og kvalifisert arbeidskraft gjennom lærlingordninga. Vi har lærlingar innan elektrikar, energimontør, energioperatør, automasjon, telekommunikasjon, og dataelektronikerfaget. Vårt kontor har fire tilsette og er ein del av fagopplæringsmiljøet HUB-Yrkesfag med 30 tilsette i Concord-bygget i Førde.
Om bedriften
Fagopplæring Elektro er opplæringskontor for 65 aktive lærebedrifter i elektrobransjen med til saman 900 tilsette. Kontoret har tett samarbeid med NHO Elektro Sogn og Fjordane, som er regional bransjeorganisasjon. Våre medlemsbedrifter får moglegheit til å sikre god og kvalifisert arbeidskraft gjennom lærlingordninga. Vi har lærlingar innan faga elektrikar, energimontør, energioperatør, automasjon, telekommunikasjon, og dataelektroniker. Vårt kontor har fire tilsette og er ein del av fagopplæringsmiljøet HUB-Yrkesfag med 30 tilsette lokalisert på Concord i Førde.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1884696f-b165-4945-a126-db5867b07a51
- Hentet fra
FINN
- Referanse
423191155