Barnehagelærar
Vinterdalen og Hunstad barnehage, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Jonas Lies vei 59, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman om lag 250 plassar. Vinterdalen og Hunstad barnehage har no tre ledige barnehagelærarstillingar frå desember 2025. To av stillingane er faste – ei i Hunstad og ei i Vinterdalen – medan den tredje er eit mellombels vikariat i Vinterdalen frå 15.12.25 til 31.07.26. Vi søker engasjerte og varme barnehagelærarar til desse stillingane.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Du er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Du har eit ekte engasjement for barns leik og læring, og forstår verdien av å vere til stades i kvardagen – både som ein trygg vaksen og som ein aktiv deltakar i barnas opplevingar og utforsking.
Gjennom refleksjon og utvikling skal vi skape gode kvardagar for barn og tilsette, og vi er opptatt av erfaringsdeling og kompetanseheving i organisasjonen vår. Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og det er tett samarbeid mellom barnehagane kor vi hentar idear og inspirerer kvarandre i dette arbeidet. Vi har «Inkluderande leike- og læringsmiljø» som utviklingsprosjekt og er i startfasen når det gjeld leik med digitale verktøy, do:be er eit av våre digitale verktøy.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er ein unik moglegheit til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.
Synes du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkommen til å søke stillingane hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar: Utvikle og gjennomføre aktivitetar som fremmer barns læring og utvikling
- Omsorg og tilsyn: Sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, og gi omsorg og støtte etter behov
- Observasjon og dokumentasjon: Observere barns utvikling og dokumentere framsteg og behov. Samarbeid med andre instansar ved behov
- Foreldresamarbeid: Kommunisere regelmessig med foreldre om barnas trivsel og utvikling
- Saamarbeid med kollegaer: Arbeide tett saman med andre tilsette for å sikre eit godt leke og læringsmiljø
- Tilrettelegging for inkludering: Sikre at alle barn, uavhengig av bakgrunn og behov, får delta i aktivitetar og oppleve meistring
- Delta i fagleg utvikling: Delta i kurs og vidareutdanning for å halde seg oppdatert på pedagogiske metodar og praksisar
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Kunnskap om barns utvikling: God forståing av barns utvikling og læring.
- Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
- Ein lagspelar med gode samarbeidsevne til å jobbe i team med andre kollegaer
- Gode kommunikasjonevner i å kommunisere med både barn, foreldre og kollegaer
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert med evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov
- Tolmodig med evne til å handtere utfordrande situasjonar med ro og forståing
- Omsorgsfull vaksenperson som har evne til å vise empati og omsorg for barns behov og kjensler
- Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Ha ein positiv haldning som kan inspirere og motivere barna
Vi tilbyr
- Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
- Eit godt arbeidsmiljø: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Fagleg utvikling: Moglegheiter for kurs og vidareutdanning for å styrke faglege ferdigheiter
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar: Trygge og gode ordningar for pensjon og forsikring
- Støtte og rettleiing: Regelmessig støtte og rettleiing frå erfarne kollegaer og leiing
- Sosiale aktivitetar: Deltaking i sosiale aktivitetar og arrangement for å styrke samhald og trivsel
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Arnhild Baarøy, Styrar Vinterdalen barnehage, 99757095Irene Becker Pedersen, Styrar Hunstad barnehage, 92249603
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5018505268
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Irene Becker Pedersen
Styrar Hunstad barnehage
92249603
Arnhild Baarøy
Styrar Vinterdalen barnehage
99757095
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
183950db-f62e-446e-9dbb-80a46974cdf5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ee69652a5584abf8e393dcbeef6277e