Sjukepleiar 100% legesenter/legevakt
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
Auregata 19, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar - 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. november
Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester.
Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der fleire også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar.
Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved legesenter/legevakt.
Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på legevakt kvar 3 helg, evt. kveldsvakter kvar 3. veke.
Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Triagering av pasientar over telefon
- Samarbeid med AMK, ambulanse og Ålesund legevakt
- Skiftestue arbeid (EKG, spirometri, sårstell, infusjonar, injeksjonar, m.m.)
- Laboratoriearbeid
- Observere og vurdere pasientar og sette strakstiltak ved akutte situasjoner
- Bli med lege på utrykning ved akutte situasjonar
- Gi råd og veiledning til pasientar og pårørande
- Helsefremmande og forebyggande arbeid
- Jobbe aktivt med forbedringsarbeid ved legesenteret/legevakta
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med autorisasjon
- Må ha erfaring frå legevakt 2 år eller meir
- Må ha erfaring med triagering og kjennskap til legevaktsindeks
- Erfaring innan diabetes, lungesjukdommar, infeksjonssykdommar og akuttberedskap er ein fordel
- Gode IT-kunnskaper
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
- Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
- Du har evne til utvikling og nytenking
- Løysningsorientert, endringsvillig og motiverande i arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og omstillingsevne
- Evne til å takle høgt arbeidstempo
- Godt klinisk blikk og interesse for fagutvikling
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Personlig egnaheit blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- God kollegial støtte og samarbeid
- Fagleg utvikling
- Fagmøter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
- Varierte og utfordrende arbeidsoppgaver
- God opplæring og tett oppfølging
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Auregata 196230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5201184533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1834ff11-a28b-4341-86b9-8340b3d731ec
- Sist endret
3. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e06e767acd44400a1cde69e629fad34