50-80 % vikariat som norsklærar i Haugaland fengsel avd. Sandeid, skuleåret 2026/2027
Rogaland fylkeskommune
Litlehagen 2, 5580 Ølen, Sandeidvegen 635, 5585 Sandeid
Om jobben
- Stillingstittel
- 50-80 % vikariat som norsklærar i Haugaland fengsel avd. Sandeid, skuleåret 2026/2027
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. september
50-80 % vikariat som norsklærar i Haugaland fengsel avd. Sandeid, skuleåret 2026/2027
Ønskjer du ein meiningsfull og variert lærarjobb der du har høve til å gjere ein forskjell? Ølen vidaregåande skule, avdeling Sandeid fengsel, søkjer ein engasjert norsklærar til eit 50–80 % vikariat.
Hos oss møter du vaksne elevar med ulik bakgrunn, erfaring og skulefagleg nivå. Undervisninga omfattar både grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, og me har og mange minoritetsspråklege elevar. Det er derfor viktig at du evnar å tilpasse undervisninga til den enkelte eleven og ser moglegheiter for læring og utvikling på ulike nivå.
Me arbeider for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø der elevane opplever meistring, tilhøyrsle og utvikling. Som lærar hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, tett samarbeid og gode høve for fagleg utvikling.
Undervisninga går føre seg i Sandeid fengsel, og arbeidskvardagen er prega av små elevgrupper og tett individuell oppfølging. Hos oss får du høve til å bruke varierte undervisningsformer og tilpasse opplæringa til behova til elevane.
Krav til stillinga:
- Relevant utdanning og undervisningskompetanse i norsk
- Relevant undervisningserfaring er ein fordel
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend utvida politiattest
- Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
- Det er ønskjeleg med kompetanse innan norsk som andrespråk og erfaring med minoritetsspråklege elevar
Me søkjer deg som:
- Er ein tydeleg og trygg klasseleiar
- Er god på tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagd undervisning
- Er relasjonssterk og oppteken av å byggje tillit og gode relasjonar
- Ser moglegheiter og har evne til å motivere elevar med ulike føresetnader
- Har gode samarbeidsevner og bidreg aktivt i fagmiljøet
- Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag
Me tilbyr:
- Nasjonalt fagnettverk og samarbeid innan språk
- Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode høve for fagleg og pedagogisk utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
Korleis søkje:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Haugaland fengsel avd. Sandeid er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
181371b7-9742-4edb-8f6c-b4c27c2da983
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10308150