Tilkallingsvikarar i heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Engasjement, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Om avdelinga:
Er du klar for ein jobb der du kan utgjere ein forskjell for heimebuande tenestemottakarar? Ønskjer du å omgje deg med hyggelege og dyktige kollegaer? Då har du kome til den rette plassen!
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar – Straume, Skogsvåg og Ågotnes. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske områder, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.
Vi ønskjer deg som er helsefagarbeidar/ sjuke- vernepleiarstudent. Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning.
Søknader tas i mot og blir vurdert fortløpande
Arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsoppgåver utført etter vedtak
- Opggåver knytt til både heimesjukepleie og heimehjelp
- Brukar- og pårørandesamarbeid
- Samarbeid med kollegaer internt og på tvers av avdelingar
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Du må like å arbeide med og for menneske
- Ha interesse for helse- og omsorgstenester, er du helsefagarbeidar/elev, sjukepleiar/-student eller vernepleiar/-student er det ein fordel
- Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Det gjeres merksam på at det vil bli krevd politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknadspapiene, med leggjast fram før tiltreeing
Personlege eigenskapar:- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Er ansvarsbevisst og kunnskapssøkjande
- Gode etiske og faglege haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- 1. studieår: frå oppstart første år til påfølgjande år, kr 10.000 over sentral garantiløn
- 2. studieår: frå oppstart andre år til studiestart påfølgjande år, kr 20.000 over sentral garantiløn
- 3. studieår: Siste studieår definerast frå start siste studieår til avsluttande eksamen er fullført/bestått, kr 50.000 over sentral garantiløn
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787577
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3426149_194035_nn