Overlege/spesialist i psykiatri ved Kronstad DPS, allmennpoliklinikk
Kronstad DPS/ Kronstad Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege ved Kronstad DPS
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Bli ein del av det engasjerte teamet vårt – vi søker spesialist i psykiatri/overlege til den allmennpsykiatriske delen av verksemda ved Kronstad DPS.
Kronstad DPS er eit stort og veldrevet DPS sentralt plassert på Danmarksplass. Vi har eit godt legemiljø med faste legemøte kvar veke. Den allmennpsykiatriske verksemda ved Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling anten på døgnpost eller poliklinisk – i gruppe og individuelt. Den polikliniske verksemda går føre seg hovudsakleg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akutteamet vårt (seksjon for akutte tenester). I tillegg har vi fleire spennande prosjekt, som FACT allmennteam og ulike spesialiserte team innanfor allmennpoliklinikkane – mellom anna team for spiseproblem og affektivt team. Vi jobbar også med å etablere eit tilbod om ketaminbehandling til pasientar som ikkje har hatt nytte av anna behandling for depresjon.
Vi har behov for overlege i fleire av desse tilboda, og lyser no ut ei stilling der vi inviterer interesserte til å gå i dialog med oss for å forme ei rolle som passar både søkar sine interesser og våre behov. Det kan vere ei stilling knytt til ein bestemt seksjon (til dømes allmennpoliklinikk), eller ei kombinasjonsstilling der fleire delar inngår.
Vi har valt å gå for ei litt open og fleksibel utlysing, og håpar du vil gi oss anledning til å fortelje meir om kva vi driv med ved Kronstad DPS! Alt etter kva du er mest interessert i, kan ulike leiarar og fagfolk bli med i dialogen.
Om du ikkje er heilt klar for å søke på bakgrunn av denne teksten, men kjenner på ein viss interesse, håpar vi du tar kontakt. Vi tilbyr gjerne ein uforpliktande samtale der du kan få vite meir.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i seksjon og team etter nærare avtale
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar som har rett til prioritert helsehjelp
- Mogleg deltaking i spissa fagteam, prosjekt eller fagtilbud vil avklarast i dialog med den enkelte søkar
- Rettleiing av LIS-legar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri eller snart godkjend spesialist
- Erfaring frå poliklinikk og allmennpsykiatrisk verksemd er ein klar fordel
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Vere fleksibel og personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi er stolte av det vennlege og støttande teamet vårt, der alle bidrar til eit miljø prega av entusiasme og respekt
- Fagleg utvikling: Vi søker å legge til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving. Vi arrangerer jamnleg eigne fagdagar. Vi har internundervisning innan relevante og aktuelle tema
- Innovasjon i behandling: Vi er opptatt av å vere i front når det gjeld å utforske og implementere nye behandlingsmetodar, og oppmuntrar medarbeidarane våre til å bidra med idear og kunnskap
- Tverrfagleg samarbeid: Vi trur på styrken av teamarbeid og tilbyr ei tverrfagleg tilnærming der psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, og andre fagpersonar arbeider side om side for å sikre den beste behandlinga for pasientane våre
- Ved Kronstad DPS har vi eige nevroteam, spiseteam, FACT allmennteam, og vi søker å bygge opp eit forløp for affektive pasientar
- Det er søkt om midlar til eit behandlingsprosjekt med ketamin for deprimerte pasientar som ikkje har hatt nytte av annan behandling. Søknaden er innvilga, og prosjektet er no i ein oppstartsfase
- Gjennom prosjektet "Ny Poliklinisk Hverdag" har vi sett igang ein prosess for å sikre ein betre og tydelegare struktur i kvardagen for den einskilde medarbeidar, samtidig som det skal legge til rette for godt samarbeid mellom spesialistar og ikkje-spesialistar. Dette prosjektet legg og vekt på konkret undervisning i utvalde emne som vi har erfart er av stor betydning, spesielt for nye medarbeidarar. Det vil og innebere hospitering ved avdelingar internt og eksternt som vi har erfart det er viktig å ha kunnskap om og gode relasjonar med
- Lønn og oppstart etter avtale
Slik søker du:
Er du den engasjerte og fagleg dedikerte psykiatrispesialisten vi ser etter? Send oss søknaden din og CV via Webcruiter. Vi ser fram til å høyre frå deg og kanskje ønske deg velkommen til teamet vårt!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Haaland, Overlege, 90089047, hallgeir.haaland@helse-bergen.noPer Birkhaug, Konst. seksjonsleiar, 92411715
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5037815665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Per Birkhaug
Konst. seksjonsleiar
92411715
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17b1b775-1d23-4ec6-bde4-3ef2fbc41963
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
21cf4e9c944a4c2f9c7e9b37b2e65aa8
Lignende annonser
Overlege ved Kronstad DPS, fagområde allmennpsykiatri
Arbeidsgiver
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad allmennpsykiatri, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Kronstad DPS/ Kronstad Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Psykiater/overlege
Arbeidsgiver
Avdeling allmennpsykiatrisk døgn, Betanien sykehus AS
Sted
Fyllingsdalen