Fast stilling som vernepleiar i tenesta for funksjonshemma, Hamretunet
Open omsorg indre, Bremanger kommune
Granden 1, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast stilling som vernepleiar i tenesta for funksjonshemma, Hamretunet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
Drøymer du om ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell kvar dag? Bremanger kommune, ved Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Hamretunet i Open omsorg indre – søker no ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar.
Hos oss blir du ein nøkkelperson i eit triveleg og kompetent team som skaper trygge, gode og meiningsfulle dagar for brukarar med nedsett funksjonsevne.
Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.
Her får du bruke fagkompetansen din aktivt, bidra til utvikling av tenestene, og vere med på å skape meistring og trivsel kvar dag.
Arbeidsoppgåver
- Skape eit trygt, inkluderande og godt miljø tilpassa kvar enkelt brukar
- Legge til rette for læring, meistring og sjølvstende hos kvar brukar
- Delta aktivt i miljøarbeid, pleie og rettleiing, og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Vernepleiar, eller andre med relevant høgskuleutdanning
- Trivst med å arbeide i team og samarbeide tett med kollegaer
- Løysingsorientert, fleksibel og positiv til endringar
- Politiattest av nyare dato
- God skriftleg og munnleg norskframstilling
- Førarkort klasse B
Vi søkjer deg som er motiverte, fagleg engasjert og sjølvstendig – og som trivst med å arbeide tett på menneske. Du er til stades, engasjert og aktiv, og bruker faget ditt for å bidra til best mogleg kvardag for brukarane.
Serviceinnstilling, personleg eignaheit og evne til å bygge gode relasjonar til både brukarar og kollegaer er avgjerande. Du tør å ta ansvar, er løysingsorientert og bidrar til utvikling både fagleg og menneskeleg – kvar dag.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du: - Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Rekrutteringstilskot til vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Arbeidsstad
Granden 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5167311377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
+47 95989310
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17109557-bc1f-4833-9ff5-1ca5cc926d2d
- Sist endret
18. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98d2ddea9e60446483cde1cf8a149082